Lokalnytt

Tilsett som prestevikar i Sunnylven og Stordal.

Ann Kristin Langeland har leia fleire gudstenester i Sunnylven kyrkje. Her under samling nyttårsaftan 2020.

Tidlegare rådmann både i Stranda og Hornindal, og no assisterande kommunedirektør i «nye» Volda kommune, Ann Kristin Langeland skiftar jobb. Frå juli blir ho prestevikar i Sunnylven og Stordal.

Ann Kristin Langeland frå Sunnylven sluttar i jobben som assisterande kommunedirektør i Volda 1. juli. Ho sa opp jobben, men visste ikkje kva som vart den neste. Men no er ho tilsett i eit vikariat som prestevikar i Sunnylven og Stordal og gledar seg til å ta fatt. Det stadfestar ho til hellesylt.info.

Å kle seg i «kappe og krage» er på ingen måte nytt for Langeland. I Sunnylven kyrkje har ho leia både jule- og nyttårsgudstenester, og nyleg var ho prestevikar under ei gravferd.

Skape gode møtepunkt, eit mål

-Eg har kjent på det ei tid at eg har ønska meg tilbake til kyrkjeleg arbeid, og når jobben no baud seg måtte eg berre seie ja. Som prestevikar blir det variert arbeid, både gudstenester, gravferder, konfirmantsamlingar og anna. Eg ser at jobben kan by på fleire utfordringar, men dei må vi jobbe for å løyse, som det å få folket tilbake til kyrkja. Og det blir viktig for meg å skape gode møtepunkt både i sorg og glede for alle.

Eg gleder meg også til å bli kjent med folket i Stordal, ei bygd eg ikkje kjenner så godt frå før. Det blir spanande, seier Ann Kristin Langeland på telefon heim frå jobben i Volda.
Formelt tek ho fatt i sin nye jobb i juli, men alt søndag skal ho til Geiranger og halde gudsteneste. Det blir veldig kjekt, seier ho.

Særs dugande

-I nordre Sunnmøre prosti har vi hatt ein del utlysingar av prestestillingar den seinare tid, fortel prost Svein Runde, og held fram;
-I etterkant av det går biskopen inn for å engasjere Ann Kristin Langeland som prestevikar i Sunnylven og Stordal sokn. Ho har ei allsidig erfaring innan kyrkjelege arbeidsfelt, og anna arbeidserfaring som vil gjere henne særleg dugande i tenesta som prestevikar.

Ho vil ta til i byrjinga av juli, men vil fram til då til tider gjere kyrkjeleg teneste i prostiet. Vi ynskjer henne hjarteleg velkomen til teneste!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380