Tom Cruise-motiv på nye bokmerke

Frå venstre: William Bjørlykhaug Stadheim, Oliver Sæther-Hole, Leonard Sundgot og Sakarias Helset Ringdal. På bilete åleine; Eirik Hole

Med støtte av Teft-middlar frå Sparebanken Møre skal Sunnylven bibliotek få trykt opp nye bokmerke.

-Motiva på dei nye bokmerka er teikna av førskulegutar i Sunnylven barnehage, og som ein vil sjå er teikningane sterkt inspirert av Tom Cruise sitt besøk i bygda og innspeling av filmen Mission Impossible 7. Gutane vart invitert av oss til å lage utkast til bokmerke, noko dei greidde flott. Som takk for bidraga fekk dei kvar sin diplom og nokre kjekke bøker, fortel Synnøve Sæther, tidlegare leiar i styret for biblioteket. Ho legg til at dei er svært glade for støtten dei har fått av Sparebanken Møre til trykking av nye bokmerke.

Bokmerka blir laga ved Trygg Trykk på Hellesylt.

Årsmøte i Sunnylven bibliotek

På årsmøtet før påske vart Karolin Parthe ny leiar i styret, etter Synnøve Sæther. Dei andre i styret er Lillian Støverstein og Oddbjørg Stadheim.

-Året 2020 vart noko annleis og utan dei faste arrangementa som Sunnylven bibliotek har hatt. Einaste var sal av lodd ein gong utanfor Coop Marked.
Heller ikkje i 2021 har det blitt økonomiske tilstelningar så langt, men vi håper på eit betre andre halvår med nye samlingar då, skriv styret i sin årsrapport.

Biblioteket er mellombels klasserom for elevar i Sunnylven skule, men er ope for boklån kvar tysdag.

Økonomi

-Sunnylven bibliotek er eit samarbeid mellom Stranda Kommune og støttegruppa. Kommunen bidreg med lønn til bibliotekar, medan støttegruppa dekkjer andre utgifter. Vi er difor heilt avhengig av støtte utan frå for å halde bilioteket i gong, heiter det frå leiinga.

Medlemskontingenten i Sunnylven bibliotek er kr. 100.- Om nokon vil gje biblioteket ei gåve kan ein nytte Vippsnummer: 517559

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380