Ventar på møte med statsråd Rotevatn

Stranda kommune ønskjer eit møte med Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn. Dei ønskjer å drøfte Stortinget sitt vedtak om utslepp frå cruisebåttrafikken i kommunen.
Stranda kommune ved ordførar Jan Ove Tryggestad og leiar i styret for Stranda Hamnevesen KF Per Erik Dalen har sendt brev til Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn. Dei ønskjer eit snarleg møte med statsråden for å drøfte reduserte utslepp, og nullutslepp frå cruisebåttrafikk i Verdsarvområdet i kommunen frå 2026.
I Stortinget sitt vedtak av 25. februar 2021 blir regjeringa beden om å bidra til at lokale og regionale tiltak reduserer utsleppa i Verdsarvfjordar, og sikrar at anløp av cruiseskip kan skje også etter 2026.
I brevet skriv Tryggestad og Dalen at på Hellesylt ligg ei ny og moderande cruisekai, men også her får vedtaket følgjer då grensene for Verdsarvområdet går slik i Sunnylvsfjorden at det ikkje er mogleg å kome sjøvegen til Hellesylt med cruisebåtar på grunn av Stortinget sitt vedtak.
Dei ber om at denne sidefjorden ikkje vert stengt, og at kaia får infrastruktur for utsleppsfrie båtar.
-Å få tilgang til hamneinfrastrukturen på Hellesylt er avgjerande for å kome vidare med lokale miljøtiltak, skriv dei.
Dei to ønskjer eit møte med statsråd Rotevatn så snart som mogeleg. Dei ønskjer ei avklaring på Stortinget sitt vedtak om å sikre utsleppsfrie verdsarvfjordar kan realiserast, samtidig som reiselivsnæringa i regionen kan drive vidare.
Ventar på svar
-Vi har ikkje fått svar frå statsråden enno, men reknar med at det kjem for det har han lova. På møtet ønskjer vi å drøfte tiltak knytt opp mot Stortinget sitt vedtak av 25 februar, som å få på plass landstraum på Hellesylt kai og «Den blå korridor» i Storfjorden, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.
Seinare vil Stranda kommune jobbe for å få gjennom ein enno større tiltakspakke, seier ordføraren, og reknar opp flytting av ferjekai på Hellesylt, utbygging av straumlinja mot Hornindal, opprusting av industriområdet Tryggestad/Langeland, kai på Stranda, parkering i fjell i Geiranger, og utbygging av Hydrogen.