Lokalnytt

1.mai-tur til Lianibba

Trond Tryggestad til høgre og Magne Brekke smilte bak munnbinda over ein flott skitur 1. mai. Dei tok smittevern på alvor når dei kom tilbake til bilane sin.

Dei hadde hatt ein flott tur, Trond Tryggestad og Magne Brekke som gjekk til toppen av Lianibba 1. mai, både på barmark og på ski.

Snøen har smelta vekk nesten heilt til sætra i Liadalen så dit måtte ski og stavar berast, men der i frå og til toppen av 1427 meter høge Lianibba var det godt skiføre, kunne dei fortelje.
Turen til Lianibba opp for Hole i Sunnylvsbygda var ei ny oppleving for Trond Tryggestad. Han har besigra mange fjelltoppar, men aldri Lianibba før, sa han.

Begge karane kom solbrune ned frå fjellet, og vi trur dei smilte bak munnbinda over ein flott tur. Dei tok smittevern på alvor slik alle bør gjere.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380