Åknes/Tafjord testar varslingssystem

Om ei veke, onsdag 12. mai blir varslingsanlegg i Storfjordområdet testa.

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending.

Pressemelding

ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane;
Onsdag 12. mai 2021 mellom kl. 12.00 – 14:00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda og Fjord kommune, samt delar av Sykkylven kommune.

Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no eller på denne lenka.

Vi oppfordrar til å informere barna om denne testen på førehand.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 48503988

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380