Får ikkje ta opp stamfisk i Korsbrekkeelva

Glenn W. Stadheim til høgre og Arne Korsbrekke har fått massiv støtte og vil anke vedtaket frå Statsforvaltaren. Tommelen opp for kultivering av Korsbrekkelaksen, og den beste lakseelva i landet, seier dei.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal avslår søknaden frå Korsbrekkeelva elveeigarlag om å fange stamfisk i 2021 for produksjon og utsetting av lakseyngel i Korsbrekkeelva.

Korsbrekkeelva elveeigarlag fekk i 2020 løyve til å ta opp stamfisk frå elva. Det vart 100.000 lakseyngel ved klekkeriet i Husøyna, og nyleg fekk dei løyve til å setje yngelen ut i elva. Men det blir siste gong om Statsforvaltaren (fylkesmannen) i Møre og Romsdal får gjennom vedtaket sitt.

Ingen stamlaks i år

Korsbrekkeelva elveeigarlag har i skriv fått beskjed om at dei ikkje får fange 30 stamfisk i 2021 for produksjon og utsetting av lakseyngel i den lakseførande delen av Korsbrekkeelva.

Statsforvaltaren viser i avslaget til naturnmangfaldlova og paragrafar som skal leggjast til grunn ved utøving av offentleg mynde.
Laksebestanen ville hatt svært god tilstand også utan kultivering, skriv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som altså avslår søknaden om opptak av stamfisk i Korsbrekkeelva 2021.

Andre årsaker

Vi har møtt leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag Glenn W. Stadheim, og Arne Korsbrekke som har jobba med yngelproduksjon ved klekkeriet i Husøyna i nær 70 år. Som bonde og elveeigar kjenner han Korsbrekkeelva godt. Dei er begge mildt sagt skuffa over vedtaket frå Statsforvaltaren og kjem til å anke vedtaket.

-Det er uforståeleg for oss at vi ikkje får halde fram med kultiveringa, eit arbeid som ikkje har kosta samfunnet noko, og som Statsforvaltaren skriv «ikkje har hatt sterke nagative eller positive effekter på kultiveringa». Det må truleg ligge andre årsaker bak.
Vi får no massiv støtte frå fleire og kjem til å anke på vedtaket i løpet av veka.
Det seier Glenn W. Stadheim som har resten av styret og andre i elveeigarlaget i ryggen.

Usamde forskarar

I samtalen viser han også til forskningsrapportar om Korsbrekkeelva der forskarar ikkje er samde om kor gode gyteforhold elva har. Ein rapport i 2016 konkluderte med at klekkeriet er viktig då elva berre har to bra gyteplassar, i Steimshølen og Fløtehølen, medan ein ny litt seinare påsto det motsette. Vi som går langs med elva ser at det meste er storsteinete elvebotn, delvis med svaberg.

Nedringt

-Forskarane må bli samde før myndigheitene kan nekte oss kultivering, meiar vi. Og her forvaltar vi rein villaks, men lenger ute i ein raudmerka fjord gjev dei løyve til lakseanlegg der det kan vere fare for røming og innblanding med villaksen.
Eg blei nesten nedringd etter oppslaget i regionavisa, og alle er rett og slett skuffa og det som meir er etter vedtaket av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, så denne avgjerda vil vi anke, seier Glenn W. Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380