Lokalnytt

Har gjort opptak til digital 17-mai sending.

Sunnylven skulekorps gjorde gode framføringar under opptaka og blir viktig for ei fin nasjonaldagfeiring på Hellesylt også i år.

På oppdrag frå Stranda kommune har Sigurd Drege og Herman Lersveen laga digital 17-mai sending frå heile kommunen. Torsdag vart dei siste opptaka gjorde, mellom anna på badestranda på Hellesylt.

Sigurd Drege er programvert og lydmann, og Herman Lersveen gjer filmopptaka til den digitale nasjonaldagfeiringa som blir sendt på kommunen si facebook-side og heimeside på 17. mai. Det skal gjerast eit arbeid med redigering, men sendinga blir truleg på kring 90 minutt, trur Sigurd Drege.

På onsdag 12. mai hadde han og Lersveen gjort opptak i Liabygda og på Stranda, og torsdag tok dei turen til Geiranger og opptak med mellom anna Jårångskoret i kyrkja. På badestranda på Hellesylt var fleire aktørar med på det som skal bli ei digital 17.mai-sending.

Fyrst ut på Hellesylt var Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg. Korpset bles i gong med Sunnylvsmarsj av Helge Fivelstad, deretter to vers av nasjonalsangen Ja vi elsker, og til slutt Fagert er landet. Korpset leverte slik vi er vande med, flotte opptak med mektige kulisser i bakgrunnen.

Elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule heldt «Tale for dagen».

Så var det elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule som framførte si tale, skriven også i år til folkefest på Hellesylt, men som ikkje kan gjennomførast i år heller grunna korona-epidemien. Talen skal dei framføre igjen 17. mai under samling ute ved Sunnylven omsorgssenter, der også Sunnylven skulekorps vil spele.

Til sist var det barneleikarringen frå Hellesylt Ungdomslag som viste spreke dansesteg på grasbakken på badestranda. Ikkje det lettaste «dansegolvet» å svinge seg på, men Wenche Høgalmen Ringdal sine elevar meistra det.

Barneleikarringen i HUL svina seg flott og problemfritt på grasbakken på badestranda.

-Opptaka hadde gått heilt flott. Her er så mykje flinke folk i kommunen så dette skal bli bra. Det blir ei sending på rundt 90 minutt som kan sjåast på Stranda kommune si facebook-side, eller nettside på 17. mai, sa Sigurd Drege. Saman med Herman Lersveen som var ansvarleg for filmopptaka hadde dei lese inn kommentar til sendinga på andre stader i kommunen med storslagen natur av fjordar, fjell og dalar som bakgrunn.
Og før dagen torsdag 13. mai var omme skulle det gjerast opptak med Stranda skulekorps.

Vi trur det blir ei flott 17. mai-sending med kulturinnslag frå heile kommunen. Det er berre å glede seg.

Sigurd Drege til venstre og Herman Lersveen har gjort mange gode opptak til den digitale sendinga frå Stranda kommune 17. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380