Kan gå mot jordbruk uten bønder

Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad her saman med Ole Arnstein Ringdal, dagleg leiar ved Hellesylt sin største arbeidsplass Ole Ringdal AS. Begge er opptekne av distriktsjordbruket si framtid.

Bønder over heile landet raser over Staten sitt tilbod til jordbruksoppgjør. Også i Sunnylven bondelag blir tilbodet registrert utan jubel, og leiaren i laget Peder Hellebostad er bekymra for utviklinga.

Det vart brot mellom Staten og bondeorganisasjonane før forhandlingane i det heile kom i gong. Mange krasse ord har kome frå ei yrkesgruppe som føler at inntektene ikkje strekk til for investering og velferdsordningar med det som vart lagt på bordet frå Staten. Tilbodet var 962 mill. kroner, medan kravet var på 2114 mill.

Null til investering og fritid

-Vi er komne på ei tolegrense når det gjeld inntektene i jordbruket. Frå 2024 er bøndene pålagde ombyggingar i husdyrhaldet  som krev store investeringar, men med dagens inntekter er det uråd å innfri desse krava. Eit beløp på 450 mill. skulle løyvast utanom jordbruksavtalen til investeringsstøtte, men i tilbodet frå Staten vart det ikkje imøtekome med ei krone.
Til velferdsordningar for ferie og fritid for bøndene var det også fremja eit beløp, men staten sitt tilbod var null, seier ein fortvila og mykje skuffa leiar i Sunnylven bondelag, Peder Hellebostad. No fryktar han at fleire bønder parkerer plogen på jordet og rekvirerer dyretransportbilen. Dermed er det slutten for mange som matprodusentar.

Må få levelege vilkår

Det er ei utvikling som dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal ved kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt ikkje ønskjer. Bedrifta som er største arbeidsplassen på Hellesylt med 60 – 70 ansatte produserer berre av norsk kjøtt og det vil dei halde fram med uansett, seier han.
-Det er svært viktig at alle bønder vi har i dag får levelege vilkår og held fram drifta. Her kring vår bedrift er det korte avstandar for inntransport av dyr til slakt og vi har ferskt råstoff og kan produsere gode, reine varer. Og vi snakkar om dyrevelferd, seier Ole Arnstein Ringdal

Norsk kjøtt fyller kjøleromma ved Ole Ringdal AS (Foto frå arkivet)

Snakkar næring og arbeidsplassar

-Vi treng alle og skulle gjerne hatt fleire. Det er alt for lite råstoff i landet, dekningsgraden på storfe er 80 prosent og på gris 90 prosent. Det blir neppe betre med det fyrste.
Sjølv for oss kan det bli problem å levere enkelte varer ut over sommaren, vi kan få ei alvorleg utvikling rett og slett. Å bruke importert kjøtt er uaktuelt, det har vi som eit prinsipp i vår bedrift, også ut frå kvalitet då vi veit at det har dukka opp salmonella i importerte parti.

Ole Ringdal presiserer at han snakkar ikkje politikk, men for næring og arbeidsplassar ute i distrikta når han sympatiserer med bønder og deira kamp for betre betalte produkt.

Vil ha kroner, ikkje prosent

Leiaren i Sunnylven bondelag er uroa for framtida, men kan lite gjere. Han håper folk set seg inn i situasjonen til eit distriktsjordbruk i krise, for utan pengar på bordet til investeringsstøtte og velferdsordningar går det mot nedlegging for fleire, trur han.
-Det blir stadig snakka om helse og beredskap her i landet, men kvar blir det av om bøndene sluttar og slaktar ned husdyra sine.
Peder Hellebostad er lei av å høyre om lønsauke i prosent for bøndene. Når utgangspunktet er lavt blir prosentauken stor sjølv med små kronetillegg, seier han og set sin lit til at Stortinget kjem bøndene i møte i Jordbruksoppgjøret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380