Lokalnytt

Kulturskulen med konsert på Ljøen

Musikkelevar frå Sunnylven inviterer alle til ein times konsert i Øvre Ljøen Amfi fredag 18. juni.

Det blir fleire og varierte musikalske innslag på Øvre Ljøen fredag 18. juni. Der held elevar frå Sunnylven i Stranda kulturskule konsert som avslutning på musikkåret.

Unge speleglade elevar frå Sunnylven inntek scena ved Øvre Ljøen amfi fredag 18 juni. Der blir det song, innslag på fleire instrument, og av eit band med ti musikarar med vokalistar, fortel kulturskulelærar Erik Torset.

Vi fekk kome på ei av øvingane nyleg og den gleda oss mykje. Sjølv om det vart berre ein song vi fekk høyre denne dagen, trur vi det blir ein konsert det er verd å få med seg.
Og songen vi fekk «servert» var vinnarlåta i junior Melodi Grand Prix for nokre år tilbake, «Vestlandet». Kva anna låt kunne passe betre på Ljøen enn nett denne der teksta fortel om tunnelar, fjordar, fjell og blømande lier.

Utan at vi fekk vite så mykje om repertoaret så blir det meste i same «leia» forstod vi. Det er berre å møte fram og glede seg til konsert med kulturskulen fredag 18 juni klokka 19.30.

Erik Torset rettar stor takk til vertskapet på Øvre Ljøen for at kulturskulen får kome dit og halde sin avslutningskonsert.
-Vi hadde lyst å avrunde skuleåret med konsert, men grunna korona og renovering av skulen var det få alternativ å vere på. At vi kunne kome på Ljøen er vi difor svært glade for, seier Torset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380