Lokalnytt

Kulturskulen utviklar musikktalent

Elevar frå kulturskulen samla etter konserten.

I Sunnylven kyrkje var det Talentkonsert torsdag kveld med elevar frå Stranda kulturskule. Dei meistra sine instrument på imponerande måte.

Applausen var lang og høyrbar under Talentkonserten i Sunnylven kyrkje. Gjennom framføringar på fleire instrument fekk publikum høyre at også denne våren spirer det og gror, ikkje berre i naturen, men også mellom kulturskuleelevar i Stranda kommune.

Konserten var open for publikum og annonsert som Talentkonsert, så avgjort ein rett tittel. Her stod det fram den eine etter den andre av talent på ulike instrument, innslag på eit utruleg høgt nivå. Her låg nok mykje øving bak, men også lærekrefter med god rettleiing, for slike prestasjonar kjem ikkja av seg sjølv.

Konserten opna og avslutta på piano, fyrst ut var Linus Frøysa som spela «Fur Elise» av L.V. Bethoven, og til slutt vart det «Rondo alla turca» av W. A. Mozart spela av Ksawier Kowalski. Han kjente vi igjen frå digital 17. mai-feiring.

Linus Frøysa
Tora Overvoll

Elevane under konserten kom både frå Stranda og Sunnylven.
Vi fekk høyre Tora Overvoll spele flygelhorn og Mozart sin «Hornkonsert nr. 4. 2. og 3. sats», før Trym Helset sette seg ved kyrkjeorgelet og framførte Johan Sebastian Bach sitt verk «Toccata d moll». Igjen må ordet talent brukast på innslag framført på eit svært høgt nivå.

Og vi kan gjenta igjen om resten av konserten, fyrst med meir Bach av Tonje Støverstein og Sina Helen Frøysa som begge spela fiolin i «March», og deretter kom Jørgen Støverstein med saksofon og kvikke tonar frå S. Joplin i «The Entertainer».

Tonje Størverstein t.v. og Sina Helen Frøysa. Gunnar Inge Eide ved pianoet
Ingeborg Fivelstad Stadheim

Ingeborg Fivelstad Stadheim spela stødig og flott «Prelude c moll» av Bach på piano, og så var det Tonje Støverstein og Janne Urkegjerde, begge på fiolin i Kjetil Bjørnstad «Sommernatt ved fjorden». Inponerande var også Janne Urkegjerde i A. Vivaldi sin «Fiolinkonsert i a moll 1. sats.

Lærekreftene i Stranda kulturskule var representert ved Synnøve Hjellbakk Hole, Evgenii Zhukov og Gunnar Inge Eide, som også var programvert. Begge tok dei del med tonefølgje på piano til enkelte av innslaga.

Trym Helset spela J. S. Bach på kyrkjeorgelet
Jørgen Støverstein. Ved pianoet Evgenii Zhukov

Vi synest det er utruleg flott å kunne gå på slike konsertar med så dyktige aktørar. Og Sunnylven kyrkje er og blir eit flott konsertlokale. Oppmodinga må vere at neste gong må enno fleire kome og høyre på. Det fortenar både aktørar og arrangør.
Det var ei flott oppleving, ein konsert som blir å høyre også i Stranda kyrkje fredag 21. mai.

Janne Urkegjerde, god i fiolinkonsert av Vivaldi.
Ksawier Kowalski

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380