Mykje hjort i Sunnylven
Det har vore teljing av hjort i Sunnylven i april og tidleg mai. Teljinga viser at det blir mange dyr å jakte på også til hausten.
Det vart utført teljing av hjort 24. april og 1. mai i heile Sunnylven. Siste teljedag vart det registrert flest og meldt inn 398 dyr totalt for dei tre jaktvalda i Sunnylven. I Øvre Sunnylvsbygda jaktvald vart det 1. mai registrert 117, Nedre Sunnylvsbygda jaktvald 225, og Langedalen jaktvald 56 dyr.
Hanne Kvamme og Tore Rusten var ute i 5-tida to morgen og telde hjortedyr i område Hauge, Helset og Storstein i Nedre Sunnylvsbygda jaktvald.
Det var mykje dyr å sjå begge teljedagane og mest kolle og kalvar, fortel Tore. Totalt for området vart det registrert 85 dyr 24. april, og 225 den 1. mai.
-Det er rikeleg, helst for mange. Skal det bli ei god hjortestamme med litt slaktevekt på dyra, må det takast ut fleire produksjonsdyr.
På våren er det nedre del av Sunnylvsbygda som brukar å ha flest dyr, og at det var flest dyr også denne gongen kan skuldast snøen som kom rundt påske, at dyra trekte dit det var minst snø, trur Tore Rusten.
Han meinar å huske at teljinga i år gav om lag same resultat som i fjor, at tal på dyr ikkje har verken auka eller gått ned.