Lokalnytt

Norske kvinners sanitetsforening jubilerer

Kløverturar med Sunnylven sanitetslag har vore populære for både unge og eldre. Her frå tur etter Flofjellvegen til Nedstevatnet. I juni blir det opplegg i samband med hovedorganisasjonen sin Kløverstafett.

I samband med at Norske kvinners sanitetsforening er 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett mellom medlemslaga i heile landet. I Sunnylven blir det markert 15. juni.

Stafetten starta på Sørlandet og på turen nordover skal den innom dei fleste bygder og byar og arrangement der det er sanitetslag. I Sunnylven sanitetslag blir det markering tysdag 15. juni. Då kjem stafettpinne og jubileumsboka frå Nordfjord og Hornindal til Sunnylven.

-Opplegget for markering i laget vårt er ikkje klart enno, men vi kjem til å  planlegge aktivitetar slik at både unge og eldre kan delta på arrangementet om dei har lyst. Det seier leiar i Sunnylven sanitetslag Hilde Langlo Brekke. Laget skal ha eit styremøte og drøfte opplegget, eit program som hellesylt.info  kjem tilbake til seinare.

Frå Hellesylt går stafetten vidare til Austefjorden, Hjartåbygda, Mork og vidare til ytre Sunnmøre før den går nordover i fylket og mot Trøndelag.

Til Tromsø

Det var i februar 1896 at Fredrikke Qvam, Gina Krog og Randi Blehr gjekk saman og skipa Norske Kvinners sanitetsforening. Qvam leia foreninga i ei årrekke etterpå, til 1933.
I år blir 125-års jubileet markert med ein Kløverstafett frå sør til nord og som kjem i mål under landsmøtet i Tromsø 24 – 26. september.

Organisasjonen Norske kvinners sanitetsforening har i dag 700 lokalforeningar og ca. 40.000 medlemer.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380