Notiser

Per Sivle-forestilling med Fantefolk

Dramagruppa «Fantefolk» kjem til Storfjord kulturhus med Per Sivle-oppsetjing i ord og tonar søndag 13. juni.

Men programmet “Lurleik” innbyr vi til ei unik førestilling om Per Sivles dikting og om det dramatiske livet hans, seier leiar I Stranda mållag, Anders Folkestad.

Dei fleste kjenner “Den fyrste song eg høyra fekk”, og mange hugsar soga “Berre ein hund”. Men Per Sivle si dikting er mykje meir. Per Sivle var både folkekjær og omstridd, men det er liten tvil om at han har vore viktig for den nynorsk kulturarven. Gruppa kjem rett frå Dei Nynorske Festspela til Storfjord kulturhus.

Stranda mållag i samarbeid med Storfjord kulturhus inviterer til eit program om Per Sivles dikting og liv, gjennom musikk, song og soger:

Søndag 13. juni kl 1500, på Storfjord kulturhus. Billettar kr 270.

Kåre Nytun, sunnmøring som bur på Voss, har sett saman programmet, og han har med seg eit sterkt lag:

Kari Finne Sognnæs   Song
Irene Tillung                Accordion
Kåre Nytun                  Gitar
Trond Matre                Bass
Forteljar; Jens Brekke

Arrangementet er støtta av Gjensidige, Indre Sunnmøre

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380