Lokalnytt

Planlegg «superveke» på Hellesylt til sommaren

Silje Stadheim ønskjer å lage ei aktivitetsveke for ungdom på Hellesylt til sommaren. Ho har fått med seg Helge Kvam Karbø i planlegginga.

Det skal bli ein kjekke sommar på Hellesylt i år. Det trur klubbrådgjevar i Fjellrosa 4H Silje Stadheim som planlegg aktivitetsveke for unge mellom 10 og 18 år saman med fleire gode aktørar.

Silje Stadheim og 4H-klubben Fjellrosa har lyst å tilby trivelege aktivitetar for ungdom på Hellesylt i sommar, og har fått med fleire lokale aktørar på laget. Sommarveka gjeld ikkje berre for medlemane i 4H-klubben, men også for andre frå heile Stranda kommune. Til hellesylt.info fortel ho at ho ønskjer å få til ei «superveke» på Hellesylt med ulike naturaktivitetar og kulturelle innslag, og at det skal foregå i juli i fellesferien.

Gjensidigestiftelsen støttar veka økonomisk

Silje sende søknad om økonomisk støtte til fleire, men berre Gjensidigestiftelsen gav positiv tilbakemelding.
Denne veke vart det fyrste planleggingsmøte halde saman med Helge Kvam Karbø i Fjord Nature. Også andre selskap i Sunnylven skal vere med og bidra til ei triveleg veke, mellom anna Bonseye og Lensmannsstova.

Gratis for deltakarane

Det meste er på planleggingsstadiet enno, men det blir leik i sjø og vatn, kanopadling med Fjord Nature, bålkos, overnatting, rib-turar med Bonseye, gardsbesøk på Øvre Ljøen, og kulturelle samlingar i Lensmannsstova på Lillebø.
Og om ikkje dette var nok så kan Silje fortelje at alt blir gratis.
Gjensidigestiftelsen er hovudsponsor for «superveka» og betaler alle aktivitetar for alle deltakarar heile veka. Kor mange som kan vere med vil variere frå 10 til 20 alt etter kva aktivitetar det er lagt opp til den dagen, får vi oss fortalt.

Vil lage kjekke ting

-Eg søkte om støtte for å få til kjekke ting på Hellesylt i sommar. Grunna korona har det vel vore begrensa med sosial aktivitet mellom ungdomen det siste året. Og så er det kjekt å samarbeide med Helge som har mange idear til fine aktivitetar, seier Silje Stadheim.

Lærerik moro

Helge Kvam Karbø er gjerne med på å aktivisere og glede dei unge. Og om korona-lampane blinkar framleis i juli blir det teke hensyn til det med største alvor. Men dei fleste aktivitetane vil foregå ute og då er det lettare å halde avstand mellom anna, seier han.
-Det skjer mykje spanande på Hellesylt også denne sommaren, og i aktivitetsveka vil vi også legge vekt på læring og viktigheita av å meistre naturen på ein trygg måte.

No blir aktivitetsveka for ungdom planlagt. Alle som ønskjer å vere med, om det er ein eller to dagar, eller heile veka må melde seg på. Kunngjering med program kjem seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380