Program for «superveke» på Hellesylt klart.

Klubbrådgjevar i Fjellrosa 4H Silje Kristin Stadheim og Helge Kvam Karbø i Fjord Nature har planane klare for «superveke» på Hellesylt. (Arkivfoto)

Frå 19. til 23. juni samarbeider Fjellrosa 4H, Fjord Nature og fleire om gjennomføring av ei aktivitetsveke for ungdom mellom 10 til 18 år på Hellesylt. Programmet for fem spanande dagar er no klart.

Aktivitetsveka på Hellesylt foregår både på land og sjø og påmelding er open for alle mellom 10 og 18 år. Programmet er variert, frå besøk med pizzabaking i Lensmannstova på lillebø, overnatting i fri natur på Ljøen, fisketur på Sunnylvsfjorden, kajakkpadling, sykling og mykje, mykje meir. Alt er gratis for arrangementet er støtta økonomisk av Gjensidigestiftelsen.

Om du har lyst å vere med på aktivitetsveka så meld deg på. Deltakarane kan vere med berre ein dag, eller alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380