Redda kajakkpadlar i Geirangerfjorden

Ole Hjalmar Bonsaksen til venstre, her saman med Frank Ole Bonsaksen, i hamna på Hellesylt med den nyaste elektriske rib-båten til selskapet Bonseye

Det kunne gått rett gale med ein polsk kajakkpadlar som kvelva i Geirangerfjorden søndag. Mannskapet på rib-båten «Grøn arv» frå Bonseye redda mannen frå å drukne.

Hellesylt.info fekk tips om uhellet for ein kajakkpadlar, ei hending som vi har fått Ole Hjalmar Bonsaksen til å stadfeste.
Bonseye var på tur til Geiranger med ein av dei nye rib-båtane til selskapet då Ole Hjalmar Bonsaksen oppdaga ein tom kajakk midtfjords. Han køyrde inn til og såg då ein mann i sjøen som ikkje kom seg i kajakken igjen. Ein padlekamerat like ved var i sjokk og greidde ikkje hjelpe.

-Vi er alltid observante når vi er på fjorden om nokon er i vanskar og treng hjelp. Det trengte denne mannen som hadde kvelva av bølger frå ein større båt og lege i sjøen i rundt halvtimen. Vi seig forsiktig inn til og fekk mannen raskt opp i rib-båten, «mann over bord» er ein operasjon vi trenar på årleg.
Mannen var frykteleg kald, så vi fekk av dei våte kleda og på med ei redningsdrakt vi har i båten. Også kameraten kom om bord, og kajakkane tok vi inn til sida på rib-båten. Deretter gjekk turen til Geiranger der vi hadde meir tørre klede og mat til dei to i hengaren vår.

Ole Hjalmar Bonsaksen er lavmelt når han fortel oss denne historia, og seier at han reknar seg ikkje som nokon helt. Men truleg redda han ein mann frå å drukne fyrste pinsedag, for det enda godt, men kunne fått eit langt meir tragisk utfall.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380