Slik blir 17. mai feira på Hellesylt

Folketoget 17.mai på Hellesylt 2015.

Sunnylven Idrottslag er arrangør av 17. mai-feiringa på Hellesylt. Etter nye møter der smittevernreglar har blir lagt vekt på blir feiringa gjennomført slik;

«-Velkomen til 17. mai!

Programmet går som tidlegare annonsert, og startar med blomsternedlegging ved Sunnylven kyrkje klokka 11.45, og Gudsteneste etter felles allsong av Ja vi elsker klokka 12.00.  Det er  ikkje naudsynt med påmelding, kyrkje har  etter smittevernreglane plass til det talet som vanlegvis kjem på 17. mai gudsteneste.

Toget  går ca  kl. 12:45 frå Hægstad Gård.  Rekkefølga i toget blir: Flaggborga – korpset– idrettslagfana – småskulen – mellomsteget – ungdomsskulen – barnehage og familiar, og  andre med  lag og organisasjonar.

Mellom kvar kohort må det vere 2 meter.  Sunnylven IL har  smittevernvakter med gule armbind.

Toget går inn gjennom Gata, (forbi Boutique & Bar/ Kyrkjelydshuset) tilbake mellom gatekjøkkenet og banken, forbi ballbingen, gangvegen rundt Ole Ringdal, over Hellesylt bru, og toget stopper på vegen mellom omsorgssenteret og småbåthamna.  Der må alle  spreie seg  i smågrupper med god avstand, og kose seg med eit godt 17.mai program.

Det er viktig at parkering skjer i sentrum eller på plassen ved Gamle meieriet (Devold). Toalett er i kaihuset.  Det vil bli natursti  der ein kan vinne gåvekort på kaffibaren.»

Sunnylven Idrottslag

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380