Sommartreff på stadion avslutta Sunnylvscupen

Det vart arrangert tre renn i Sunnylvscup på ski sist vinter, men premiefesten måtte vente. Denne veka i slutten av mai fekk alle deltaklarane sine premiar, både for sist vinter og forrige sesong.
Korona sette ein stoppar for premiefest med bingo for skigruppa i Sunnylven IL, både i fjor og i år. Men deltaking og god innsats brukar å lønne seg så siste onsdag i mai var det klart for premiefest på Hellesylt stadion for begge sesongar.
Og etter kvart blenkte det i gullmedaljer over alt på stadion etter kvart som dei unge skiløparane i Sunnylvscupen på ski vart ropa fram og Linn Kammen og Anne Karin Brenne Ringdal i skistyret fekk delt ut. Heile 61 hadde delteke i tre eller fleire renn vinteren 2020, og 49 siste sesong.
Leiar i skigruppa, Hans Hole helsa alle og sa det var kjekt at så mange foreldre hadde møtt fram. Han retta takk til mange for jobb dei hadde gjort gjennom vinteren, takka trenarane for ein fantastisk innsats, sponsorane Coop, Sparebanken Møre og Ole Ringdal AS. Hole takka løypekøyrarane og foreldra som hadde stilt på og hjelp under skicupen, og sjølvsagt alle deltakarane. Og så kom han med eit ønskje som sikkert alle sluttar seg til, at no måtte snart korona-pandemien ta slutt slik at alt kunne bli som før igjen.
Så var det klart for utdeling av gullmedaljer for to sesongar med Sunnylvscup. Men før det vart det arrangert eit terrengløp, nesten som eit «Hellesyltløp» mot Shell og Korsbrekke, men i varierande lengde etter alder på deltakarane. Berre dei eldste aldersgruppene sprang på tidtaking.
Skigruppa laga ei verdig avslutning og ein flott premiefest på to sesonger Sunnylvscup på ski.