Stig Tryggestad leiar Hellesylt Næringslag
Hellesylt Næringslag har halde årsmøte. Her vart Stig Tryggestad vald til ny leiar, etter Øystein Ljøen.
Det meste av styret i Hellesylt Næringslag vart nytt då laget heldt årsmøte i april og fekk slik samansetjing:
Leiar:
Stig Tryggestad
Styremedlemer:
Ole Arnstein Ringdal
Michelle de Vries
Jan Sverre Sivertsen
Ramazan Øcal
Varamedlemer:
1.Frank Ole Bonsaksen
2.Helge Kvam Karbø
Hellesylt Næringslag vart skipa 24. november 1977. Dei siste åra har drifta av laget med 21 medlemsbedrifter delvis lege nede, men vore ein garantist for mellom anna gjennomføringa av Sommardagar på Hellesylt. Det håper den nye leiaren at laget skal vere også i framtida når korona-epidemien ein gong er over.
Stig Tryggestad har så langt ikkje fått samla det nye styret til styremøte. Han håper laget kan utvide medlemsstokken med nye bedrifter som har vakse fram i Sunnylven og på Hellesylt, og bygge eit aktivt lag som talar bygda si sak, gjerne i samarbeid med andre.
-Eg snakkar ikkje på vegne av styret då vi ikkje har hatt møte enno, men det er klart at det er ein god del ting som skjer i bygda vår. Det gjeld både turistbåttrafikken, hydrogen, turisthotell og andre saker. Om ikkje nokon står opp og er bygda sitt talerør i slike saker så kan det stoppe opp. Difor trur eg det er viktig å få i gong arbeidet i Hellesylt Næringslag igjen. Sjå berre på ei lita sak som belysninga i Hellesyltfossen. Det var så flott når alt fungerte, men no lyser ingen ting.
Eg håper alle dei gamle medlemsbedriftene blir med vidare og at nye melder seg inn i laget. Det er lettare å bli høyrd når vi står samla, og gjerne i samarbeid med både kommunen og andre.
Det seier Stig Tryggestad som håper å få opp aktiviteten i laget igjen. Det vil bli sendt ut ei orientering til alle tidlegare medlemsbedrifter, og til ein del nye. Tryggestad ser for seg at det bør kallast inn til eit medlemsmøte og få fram saker som laget bør arbeide med.