Storfjordstemne på Ljøen

Det var folksamt kring tunet på garden Stokke då det siste Storfjordstemnet så langt vart arrangert der 2. juni 2019

Storfjordens Venner planlegg for Storfjordstemne på Ljøen i slutten av august. Men fyrst er det årsmøte i organisasjonen på Storfjord kulturhus.

Årsmøtet i Storfjordens Venner blir halde på Storfjord kulturhus, Stranda måndag 07. juni klokka 18.00, og under gode smittevernreglar. I innkallinga heiter det at alle som møter må vere friske, halde ein meter avstand og med god handhygiene.

På saklista står vanlege årsmøtesaker, årsmelding, rekneskap og val. Kontingenten for 2022 skal fastsetjast, og arbeidsplan skal vedtakast. Det blir orientering om Ytste Skotet.

Storfjordstemne 2021.

Årets Storfjordstemne blir på Ljøen søndag 29. august, noko seinare på sommaren enn vanleg.
I 2019 vart stemnet halde på garden Stokke i Oaldsbygda 2. juni, og der ifrå hadde alle utsyn til årets stemneplass som blir Ljøen. Eit godt alternativ i eit år då det må takast visse hensyn grunna korona. Til Ljøen kjem alle lett både til lands og på sjøen. Stemnet i fjor som skulle vere i Osvika vart avlyst grunna restriksjonar for større arrangement.
Meir informasjon om stemnet på Ljøen vil kome seinare, heiter det i melding frå Storfjordens Venner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380