Storlaks slo med sporen og velta to karar

Arne Korsbrekke er ute mest dagleg og set yngel i Korsbrekkeelva. Her saman med Bjørn Tryggestad. (Foto frå arkivet 2020)

Nok eit år er hundre tusen lakseyngel avla fram ved klekkeriet i Husøyna. Det kan vere dei siste som i desse dagar blir sett ut i Korsbrekkeelva.

Frå 1932 har elveeigarar og andre sportsfiskarar teke vare på Korsbrekkelaksen gjennom avl ved klekkeriet i Husøyna. Kvar haust har dei trassa ver med regn, vind og kulde, gjerne med ei snøbyge i tillegg og henta opp stamlaks frå elva. Ein kalde jobb som har vore starten på eit kultiveringsarbeid som fram til no har pågått i 89 år.
Arbeidet har gjort Korsbrekkeelva til den beste lakseelva på Sunnmøre, og i Norge rekna ut frå lengde og fangst. No kan døra inn til klekkeriet bli stengt om vedtaket til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal  blir ståande. Han nektar elveeigarane opptak av stamlaks i 2021.

Uviktig arbeid

Arne Korsbrekke har jobba med kultivering av Korsbrekke-laksen sine gener i snart 70 år. No blir han i brev frå myndigheitene fortalt at han har drive eit unyttig arbeid. Laksen hadde formert seg like godt utan stryking av stamlaks og framavl av hundre tusen yngel kvart år. Arne er ikkje samd, men slik må ein forstå innhaldet i brevet frå Statsforvaltaren som elveeigarlaget har fått tilsendt.

«Korsbrekkeelva har hatt høg eigenproduksjon slik at gytebestandsmålet for bestanden var oppnådd og det var eit høgt haustbart overskot i elva. Etter som det var svært låg andel kultivert fisk i bestanden er konklusjonen at kultiveringa ikkje har bidratt til dette resultatet», heiter det i brevet.

I regnklær og med ullvottar på fingrane har Arne Korsbrekke jobba for villaksen i Korsbrekkeelva i 60-70 år. Her saman med Glenn W. Stadheim. (Foto frå arkivet)

Laksen velta karane

Arne har mange minne frå jobben med små og store stamlaks. Den aller største laksen var i klekkeriet rundt 1970-talet, ein sværing som ikkje vart vegd eller teke bilde av. Men lengda var 1.38 meter minnest han.
-Vi måtte vere to mann for å halde og stryke laksen, men når han slo med sporen velta han oss over begge to, fortel han og flirer litt av opplevinga frå den gong.

Klart for ny fiskesesong

No er jobben med å setje ut 100.000 lakseyngel i gong. Dei skal opphalde seg i elva i to, tre år før dei vandrar i havet og blir storlaks som kjem tilbake.
Og natt til tysdag 1. juni klokka 04.00 startar ein ny sesong for laksefiskarane i Korsbrekkeelva.

-Er der laks å få då, spør vi.
-Ja, kjem det kjapt frå Glenn, leiaren i elveeigarlaget, medan Arne uttalar seg litt meir forsiktig. Han trur det er sansynleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380