Strålande nasjonaldagfeiring i Sunnylven

Det vart ei annleis 17.mai-feiring i Sunnylven også i år. Men dagen vart strålande vermessig og minnerik med innslag av både musikk, song, taler og dans.
17. mai i Sunnylven kom med strålande ver, med sol frå ein nesten skyfri himmel, og med «sølvslør» ned etter grøne lier. Bygdefolket samla seg ved kyrkja til fastsett tid for å oververe nedlegging av blomar og minneord om dei fire frå bygda som omkom i siste verdskrig. Tradisjonen tru var det to elevar frå 10. klasse, Lone Ringdal og Elias Helset som utførte det høgtidelege oppdrage.
Stemningsfull festgudsteneste
På kyrkjebakken stemte sunnylvingar og andre heimvende i og song «Ja vi elsker» til tonefølgje frå Sunnylven skulekorps, slik resten av det norske folk hadde blitt oppmoda om å gjere. Deretter var det gudsteneste i Sunnylven kyrkje der prest Ann Kristin Langeland heldt preika, etter at skulekorpset hadde framført «Fagert er landet».
Samlinga i kyrkja var etter gjeldande smittevernreglar med registrering og avstand, og utan song. Songen sytte derimot fire jenter for, Kristin Storstein, Anna Kristin Storstein Forbord, Ingeborg Fivelstad Stadheim og Oddbjørg Stadheim med songane «Til ungdomen» og «Mitt lille land».
Kulturinnslag med kvalitet
Folketoget vart langt på Hellesylt også denne 17. mai, det same vart gåruta etter litt tidlegare kjent asfalt og litt ny. Til slutt vart det samling på plenen framfor Sunnylven omsorgssenter, der bebuarane var samla på sine verandaer for å oppleve eit godt og variert program.
Her vart det meir flott og feiande korpsmusikk av Sunnylven skulekorps, og song av Kristin, Anna og Oddbjørg, Det var innslag med felegruppa, leia av Synnøve Hjellbakk Hole som spela ein Marsj, ein reinlender av Iver Kjellstad og Brudemarsj frå Østerdalen, og festlyden fekk helsing frå ordførar Jan Ove Tryggestad.
Ros til arrangøren
Ordføraren skulle ikkje halde tale denne gongen sa han, men han helsa og gratulerte med dagen, og rosa dei som stod bak opplegget med nasjonaldagfeiring og dei mange aktørane som gleda med innslag.
Ei ekstra «rose» gav han til arrangøren Sunnylven IL og leiaren for arrangørstaben der. -Per ingebrigt Karbø må vere krinsmeister i å arrangere 17. mai-feiring etter mange, mange år, sa ordføraren.
Talen for dagen kom frå elevar i 10. klasse ved Sunnylven skule. Det var ei god tale, både lærerik, reflektert og til ettertanke, og der dei på ein treffande måte på ein slik dag fletta inn vers frå diktarhøvdingen Ivar Aasen sin «Millom bakkar og berg» til slutt. Ei flott tale, og flott framført.
Godt og flott gjennomført
Til aller sist kom leikarringen i Hellesylt Ungdomslag på plenen framfor omsorgssenteret og danse med lette steg som berre unge kan. Ei verdig avslutning på eit godt program, flott framført av alle.
Alt blir litt vanskeleg i desse korona-tider, men 120-åringen Sunnylven Idrottslag takla det godt også denne gongen. All ære og takk til dei som har stått bak arrangementet, og til alle aktørar som gleda dei frammøtte med flotte innslag. Alle kan sjå tilbake på feiringa av nasjonaldagen i Sunnylven med stoltheit, nok ein gong.