Sunnylven Idrottslag ønskjer seg støttemedlemer

Sunnylven IL skal i nær framtid sende ut medlemskontingent for 2021. Laget ønskjer seg også mange støttemedlemer for å oppretthalde gode tilbod og anlegg i laget.
Tarjei Korsbrekke er sekretær i Sunnylven Idrottslag. I desse dagar førebur han utsending for innbetaling av medlemskontingent.
Gjennom hellesylt.info ønskjer han å oppmode også andre som har glede av eit aktivt idrettslag om å teikne støttemedlemskap i laget.
-Idrettslaget jobbar for eit aktivt bygdesamfunn og styret i idrettslaget synest det er flott at mange kjem til bygda og nyttar seg av anlegga laget har å tilby, finn glede og er aktive.
Mellom anna tilbyr idrettslaget treningssenter, ei flott kunstgrasbane, ski- og skiskyttaranlegg i Hyttehola, andre oppkøyrde løyper når snøforhold tillet det, og ikkje minst det enorme turstinettet som er i bygda. Det vert også jobba med utvikling av nye anlegg.
Vi ynskjer å oppfordre «utflytta sunnylvingar» samt andre som besøkjer og er på Hellesylt til å teikne støttemedlemsskap.
Allereie registrerte familiar må huske å registrere nyfødde ungar inn i idrettslaget. Eg kan bistå med hjelp til registrering og anna, avsluttar Tarjei Korsbrekke.