Notiser

Sunnylven Pensjonistlag på tur og kafetreff

Torsdag 3. juni dreg medlemer i Sunnylven Pensjonistlag på tur til Kalvatn

Torsdag går turen med buss til Josybuda på Kalvatn for medlemer i Sunnylven Pensjonistlag, eit gratisopplegg med både servering og underhaldning i låvekafeen.

Som for mange andre har også medlemane i Sunnylven Pensjonistlag hatt korona-karantene med arrangement. Men no går det mot normale tilstander igjen, i alle fall blir det tur til Kalvatn med servering og underhaldning i Josybuda torsdag denne veka.

I låvekafeen blir det servert sosakjøt, dessert og kaffi. Kokken Rolf Kobberstad er ikkje berre dyktig med mat, han trakterer også musikkinstrument til si eiga songrøyst, noko han har lova å bidra med på torsdag.

Sjølv om dei aller fleste i Pensjonistlaget er vaksinert mot korona-pandemien, er det lagt opp til gode smittevernhensyn på turen.  I invitasjonen står det at det blir køyrd to turar med buss til Kalvatn og tilbake, og dei påmelde blir delt opp i to grupper med inntil 25 personar i kvar for å ha god avstand i bussen og kafeen. Fyrste tur går klokka 12.00 og andre klokka 15.00, og alle får same gode servering og underhaldning.
Dette arrangementet er gratis for alle pensjonistar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380