Tarjei Korsbrekke ny dagleg leiar i HT Bygg

Tarjei Korsbrekke til venstre er den nye daglege leiaren for HT Bygg Hellesylt AS. Han tok over etter Øystein Ljøen frå 1. mai.

Tarjei Korsbrekke er tilsett som ny dagleg leiar i byggefirmaet HT Bygg Hellesylt AS. Han tok til i jobben 1. mai, etter Øystein Ljøen som ønska å trappe ned.

-Det er ei tid for alt, seier Øystein Ljøen. I snart 30 år har han hatt jobben som dagleg leiar for HT Bygg Hellesylt, ei bedrift som har vakse seg fram til den nest største arbeidsplassen på Hellesylt med sine 30 tilsette.
Bedrifta har blitt konsern med avdeling både på Hellesylt og i Ålesund. Ljøen blir framleis med i leiinga av konsernet, men som dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt har han fått avløysing av unge krefter slik han ønska.

Unge krefter tek over

Stillinga som dagleg leiar var lyst ut, men styret fann personen mellom sine eigne tilsette på Hellesylt, nemleg Tarjei Korsbrekke.
-Tarjei kjenner bedrifta etter å ha jobba her frå 2010. No kjem styringa i unge, gode hender noko eg håpa skulle skje. Eg har alltid hatt som mål å skape trygge arbeidsplassar for dei som bur og jobbar her, det er derfor vi er her. Eg har veldig tru på lokal tilknyting, så derfor er eg veldig glad for at Tarjei tek over etter meg, seier Øystein Ljøen.

Ein god sunnylving

Den nye daglege leiaren tok til i stillinga 1. mai. Han har vakse opp i Ålesund, men er meir sunnylving då han har sterke slektsband til Hellesylt og Korsbrekke. Han og familien har også etablert seg med nytt hus på Hellesylt og er blitt ein stor ressurs for bygda også utanom fast jobb.

Starta som sommarjobb

At det vart HT Bygg og jobb her vart til gjennom ein sommarjobb i 2010. Tarjei Korsbrekke er utdanna som byggingeniør frå skule i Ålesund. Han tenkte seg vidare til meir utdanning i Trondheim, men leita etter ein sommarjobb først, fortel han.
Han ringde og snakka med HT Bygg Hellesylt, og jau, ein sommarjobb kunne ordnast.

-Eg møtte fram til avtalt tid og i porten møtte eg Øystein og Arne. Dei lurte på kva eg ville, dei var tydeleg vis ikkje informert om at eg hadde fått sommarjobb. Men dei sleppte meg inn der det vart produksjon av campingbord, arbeid i butikken og diverse anna.

Fast tilsett

-Sommaren 2010 vart lang ved HT Bygg, det vart haust og hjortejakt, og til slutt enda sommarjobben med fast jobb i bedrifta. Å lage campingbord vart det slutt på, i staden vart det mykje spanande og variert arbeid som utrekning av anbod og som prosjektleiar på større byggeprosjekt.

Tarjei Korsbrekke har ikkje tankar om å endre på så mykje i byggefirmaet. Det har gjennom 30 år utvikla seg positivt og blitt ei allsidig bedrift med god kompetanse på alle slag oppdrag og med stabil arbeidskraft, seier han.
-Vi har god tilgang på oppdrag, og eg har stor tru på framtida, avsluttar Tarjei Korsbrekke.

Starta i 1992

HT Bygg Hellesylt AS vart etablert i 1992. Då gjekk Geir Frøysa, Magne Brekke og Øystein Ljøen saman og kjøpte Hellebostad Trevarefabrikk, ei bedrift med glas og dører som hovudproduksjon.

Også dei nye eigarane heldt fram med denne produksjonen ei tid, men frå 1995 vart arbeidsoppdraga meir og meir bygging av bustadhus, hytter, drifts- og industribygg og meir. I dag er HT Bygg ein stor arbeidsplass på Hellesylt med 30 tilsette, og med omsetninga på ca. 50.0 mill. det siste året.

Les også: https://www.hellesylt.info/2018/07/solid-byggfirma-pa-hellesylt/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380