Lokalnytt

Turveg og grillplass på Vardegjølet ferdig

For litt sidan kom fire rastebord på plass på grillplassen ved Vardegjølet. Og dugnadskarane stadfesta at borda var solide og gode for å nyte både kaffi og anna turproviant. Frå venstre Inge Bjørdal, Jørgen Wollsæter, Kåre Stadheim, Jon Oddvar Frøysa.

I fjor vart rasteplass med bålpanne laga til på toppen av Verdegjølet i Sunnylvsbygda. No er også rastebenkar kjøpt inn og utplassert.

Snøen er borte på den gamle bygdevegen over Vardegjølet, ein fin turveg for både unge og eldre med flott og varierande utsikt.
Fram til nyevegen i Berga kom på 1940-talet, delevis skoten inn i bergveggen, var vegen frå Rindekroken på Frøysa til Hole ferdselsåra mot øvste delen av Sunnylvsbygda.

Vedlikehaldet av gamlevegen vart lite påakta, men etter søknad fekk idrottslaget i 2020 ein del korona-middlar til utbetring og vedlikehald. Tilskotet har gått til rydding av skog, grøfter har blitt rensa, og på høgaste punktet med elvejuvet 50 – 60 meter under kom det opp eit solid gjerde. Her vart det også laga til ein rasteplass, ein grillplass med bålpanne og steinbord.
Nyleg kom det også på plass fleire rastebord som folk kan nytte når dei vil «ykte» på under turen.

Eit solid gjerde er sett opp på kanten av Vardegjølet

Pådrivar i arbeidet med det nye, flotte turtilbodet har vore Inge Bjørdal.
-4-H var her og hjelpte med ein del skogrydding, men stort sett er arbeidet utført av nokre få personar med eit mål om å bevare eit flott turtilbod i nærmiljøet. Det har blitt eit tresifra antall dugnadstimar i prosjektet som no er ferdig, seier han.

Arbeidet med turvegen over Vardegjølet er no avslutta, eit turtilbod som har det meste, god og trygg å gå på, spektakulær natur med variert vegitasjon, eit høge elvejuv sikra med gjerde, og grillplass med benkar og bålpanne. Alt er til fri bruk for den som vil, seier Inge Bjørdal som håper mange vil finne glede av å bruke den gamle vegen over Vardegjølet.

Fleire rastebord kom på plass ved grillplassen og eitt skulle stå ved Sunnylven IL sin trimpost like ved

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380