Lokalnytt

Var finalistar i Veslefrikkprisen

Elevane i 3. og 4. klasse er Ane, Fredrik, Erle, Sofia, Siril, Kai Adam, Therese, og Tuva. Bak står rektor Roar Seljeset t. v., og musikklærar Evgenii Zhukov.

Tredje og fjerde klassetrinn ved Sunnylven skule hadde komponert ein flott melodi dei kala «Korona 2020». Dei kom til finalen i Veslefrikk og fekk ein flott diplom for innsatsen.

Tredje og fjerde klasse ved Sunnylven skule har åtte elevar. Under leiing av musikklærar Evgenii Zhukov har dei øvd kvar fredag frå jul til bidraget vart sendt inn til Veslefrikk-konkurransen i slutten av mars. Det unge orkesteret var samansett av fleire instrument som sylofon, gitar, trommer, piano og keykoard. Og med litt song inn i mellom vart det ein flott melodi som kom til finalen saman med fem andre skular.

Elevane ved Sunnylven skule nådde ikkje heilt til topps denne gongen. Men rektor Roar Seljeset henta fram ein stor diplom som premie for komposisjonen som fekk flott omtale av juryen:

-Et morsomt og spennende stykke musikk som tar oss med på en historie. Dere har laget et veldig fint lydbilde under teksten med instrumenter som gjør forskjellige ting. Juryen synes at dere har laget fin stemningsmusikk med mange forskjellige instrumenter-.

Det var sjette gongen Veslefrikk-prisen vart delt ut i år. Sunnylven skule har delteke alle åra og gjekk heilt til topps med melodien sin i 2017. Fredag fekk elevane sjå finalesendinga på TV der Kringkastingsorkesteret var med og framførte vinnarmelodiane.

Det hadde vore kjekt, tykte elevane. Og det blir neppe siste gongen dei lagar musikk og sender inn, for på spørsmål om dei var klare for ein ny komposisjon neste år kom svaret fort med eit samstemt ja.

Nesten 2000 barn og ungdom har skapt ny musikk og sendt inn til musikkonkurransen Årets Veslefrikkpris.

Roar Seljeset overrakte deltakardiplomet til dei to klassene.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380