Lokalnytt

Veøy går fyrste tur 12. mai.

Turistferja Veøy ved kai på Hellesylt i 2020. Onsdag 12. mai startar ein ny sesong.

Turistferja Veøy startar opp med fire daglege turar på Verdsarvfjorden mellom Geiranger og Hellesylt onsdag 12. mai. Sesongen i år varer til 26. september.

Det blir berre ei turistferje på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger i sommar. Det opplyser The Fjords på spørsmål frå hellesylt.info. Og det blir gode gamle Veøy som skal utføre turane som blir fire dagleg. 12. mai går fyrste turen frå Geiranger klokka 08.00 med retur frå Hellesylt 09.30.

Fullstendig her: http://thefjords.no/files/documents/fjord-cruise-geirangerfjord-2021.pdf

Det er usikkerheita kring korona-epidemien og truleg ein del redusert trafikk som gjer at det blir sett inn berre ei turistferje i sommar, opplyser selskapet. Men Veøy har plass til mange bilar og reisande, nyoppussa og klar for trafikk. Fram til 12. mai ligg båten ved cruisekaia på Hellesylt akkurat no, men då er sommarsesongen i gong.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380