Vurderer utleige eller sal av Stadheimfossen Camping

Karolin Parte og Jørn Stadheim har godt besøk av turistar på Stadheimfossen Camping i sommarsesongen. Grunna tidspress vurderer dei no utleige eller sal av campingplassen.

-Det blir knapt med tid grunna fleire gjeremål i sommarhalvåret. Difor vurderer vi å leige ut campingplassen vår, eller selje om nokon finn det interessant. Det seier Jørn Stadheim som saman med Karolin Parte eig og driv Stadheimfossen camping i dag.

Campingplassen ligg idyllisk til mellom mektig natur like ved Steimsfossen og Korsbrekkeelva, den kjent lakseelva mellom sportsfiskarar.
Plassen har fem hytter, sanitæranlegg, kiosk og eit større areal for teltcamping. Plassen har alltid hatt godt besøk og fornøgde gjester.

No vurderer eigarane utleige eller sal.
-Å drive ein campingplass gjer at ein må vere til stades, for vi veit aldri når turistar dukkar opp. Og det er sjølvsagt ein del arbeid med vask og stell, eksempelvis grasslått, så når vi då driv Stadheim Maskin og gard, då strekk ikkje tida til.
Eg håper nokon kan tenkje seg å drive campingen for eiga rekning, eller kanskje kjøpe, anten i år eller frå neste sesong. Og vi håper det er lokale personar som viser interesse, det er eit ønskje vi har, seier Jørn Stadheim.
Om du er interessert, ta kontakt med eigarane for ein prat og fleire opplysningar.

Stadheimfossen Camping ligg vakkert til mellom fylkesvegen og Korsbrekkeelva, knappe to kilometer frå Hellesylt sentrum mot Sunnylvsbygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380