Andreas Ringdal ny styreleiar i Hellesylt småbåtlag

Årsmøtet i Hellesylt småbåtlag vart halde i Øvre Ljøen amfi torsdag 17. juni. Andreas Ringdal vart ny leiar, etter Frank Ole Bonsaksen som hadde sagt frå seg attval
Det vart nye folk i styret i Hellesylt småbåtlag på årsmøtet. Alle tillitsverv kom på plass etter god jobb frå valnemnda.
Frank Ole Bonsaksen sa frå seg attval som leiar etter to periodar i styret, den siste som leiar frå 2011. Også resten av styre hadde lang tenestetid , mellom dei Rune Tryggestad som ikkje var sikker på kor lenge, men i alle fall frå 1995, fekk vi oss fortalt. No sa også han frå seg attval.
Ny styreleiar vart Andreas Ringdal, og dei andre i styret vart:
Nestleiar: Åse Støverstein Ringdal
Skrivar: Arne Ringdal
Kasserar: Rolf Fivelstad
Styremedlem: Daniel Støverstein
Varamedlemer
1.Ole Jonny Brekke
2.Tarjei Korsbrekke
Revisor: Øystein Ljøen
Valnemnd: Asle Ringdal, Jostein Hole.
Om lag ein tredel av laget sine medlemer møtte på årsmøtet. Frå årsmeldinga les ein at det har blitt utført ein del vedlikehald i småbåthamna, mellom anna vart Muldsvor Maskin leigd inn for å utbetre skader på moloen etter dårleg ver.
Årsmøtet var også innom mulegheitene for å få til fleire gjesteplassar. Laget har 80 medlemer som får ein auke i medlemskontingenten på 300.- kroner frå året før.
Avtroppande styreleiar Frank Ole Bonsaksen delte ut bearbeida saueskinn, produsert ved Fjellgården Øvre Ljøen, til alle tidlegare styremedlemer. Sjølv fekk han takkeord og blomster overrekt av påtroppande styreleiar.