Lokalnytt

B-A-C-H i Sunnylven kyrkje

I Sunnylven kyrkje medverkar desse musikarane, frå venstre Øyvind Skatvedt Robak, Carolin Eide og Evegenii Zhukov.

Tittelen på konserten er eit lite ordspel: Både er det namnet til ein av dei største komponistane gjennom tidene, men også forbokstavane til dei komponistane vi får høyre: Bach-Albinoni-Corelli-Händel.

Tilsendt omtale av arrangementet

Søndag 27 juni blir det konsert i Sunnylven kyrkje med nokre av dei beste musikarane frå nærområdet. Konserten byr på ei reise tilbake til 1700-talet og leikent samspel mellom fløyte, fiolin, cembalo og orgel.

Mykje av programmet er dansemusikk, med det leikne og livsglade preget som høyrer dansen til. Det er såleis eit program som passar lyse sommarkveldar. Komponistane har tilhald både i Italia, Tyskland og England. Trioformatet er eit utruleg fint format både for musikarar og komponistar, og også for publikum. Samspelet mellom tre likeverdige instrument inviterer til både djup refleksjon og leikent samspel og gjev eit fint klangbilete der ein både kan høyre den enkelte stemme og nyte klangen til eit litt større ensemble. Kombinasjonen fløyte, fiolin og klaver er mykje brukt, og det er lett å finne musikk for bestninga. Musikarane har plukka både kjent og ukjent og sett saman eit program for einkvar smak, og byr på eit innblikk i noko av det mest populære av musikk på 1700-talet.

Musikarar som medverkar under konserten er Evgenii Zhukov, Øyvind Skartvedt Robak og Carolin Eide

Evgenii Zhukov har dei seinare år markert seg som ein svært positiv og aktiv aktør i kulturlivet på indre Sunnmøre. Han er klassisk utdanna fløytist med mastergrad både frå konservatoriet i Astrakhan (Russland) og musikkonservatoriet i Tromsø. Han er no busett på Stranda der han jobbar som kulturskulelærar i Stranda kulturskule.

Evgenii har brei erfaring som utøvande fløytist både som orkestermusikar, og solist. Han har jobba eit år som distriktsmusikar i Vefsn og har i tillegg jobba i seks år i Operateater i Astrakhan (Russland).

Øyvind Skatvedt Robak har fiolinutdanninga si frå NTNU Institutt for musikk (tidl. Musikkonservatoriet i Trondheim).
Han har spesialisert seg innan tango og klassisk musikk, men har i tillegg ein del erfaring frå diverse andre sjangrar.
Som fiolinist jobbar han som frilansmusikar, samt at han underviser på Ørsta kulturskule. Som frilansmusikar spelar han i mange ulike orkester i og utanfor regionen, samt at han tek andre typar oppdrag som solist eller innan kammermusikk osb. Han spelar fiolin i Tangueros del Norte, eit tangoorkester der han òg spelar bandoneón
Som fiolinist har han vore solist med desse symfoniorkestera: Lillehammer Symfoniorkester og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Tidlegare har han òg vore fiolinlærar ved ICM Institut de culture musicale i Versailles, Frankrike, samt spelt i Orchestre de la Cité Internationale i Paris, Frankrike i tillegg til å vere frilansmusikar og kyrkjemusikar ved den Norske Sjømannskyrkja i Paris. For tida er han fast konsertmeister i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Han har òg skipa Tangofestivalen i Volda som vart gjennomført fyrste gong i februar 2013

Carolin Eide har si utdanning frå Hochschule für Musik und Theater Leipzig, med hovudfag i orgelspel hjå prof. Jürgen Wolf. Ho har arbeidd som kantor/organist fleire stader i Noreg, og sidan 2005 i Stranda og Norddal. Ho er busett i Eidsdal og er aktiv i kulturlivet i området som akkompagnatør og med eigne konsertar.

Konserten blir spelt i Norddal laurdag og på Hellesylt søndag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380