Lokalnytt

Elvira gleda konsertpublikum

Konserten med Elvira Nikolaisen vart ei flott sommaroppleving frå amfiet på Ljøen.

Presis til fastsett tid kom Elvira Nikolaisen og musikarar på scena i Øvre Ljøen Amfi fredag kveld. Konserten var sommarens fyrste i år, og på ny scene.

-Eg slår meg litt laus når det gjeld val av songar til konserten. Det blir både eigne og nokre andre, sa Elvira Nikolaisen til hellesylt.info etterpå der ho smilar og slår ut med hendene.
Ei utruleg hyggeleg dame med slektsrøter til Strandadalen har gjennomført ein halvannan times konsert i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi fredag kveld.

På tribuna sat 50 personar som fekk oppleve ein vakker, melodiøs og variert konsert med Elvira Nikolaisen som besøkte konsertamfiet for tredje gong denne kvelden.
-Eg kjem gjerne tilbake til denne flotte staden med den magiske utsikta, sa ho.

Under konserten denne gongen fekk publikum høyre gamle og nye songar frå Elvira sine eigne plater, også frå den nyaste som kom ut i vår, ti år etter den forrige, fortalde ho.
Men også andre songar stod på repertoaret, som «Blott en dag», den svenske folketonen «Så skimrande var aldri havet», og ikkje minst «Floden», ein song av Bjørn Eidsvåg som Elvira gjorde suksess med saman med Eidsvåg. Versjonen på Ljøen var ein av få ho har gjort av denne songperla sjølv, sa ho. Det vart eitt av høgdepunkt i konserten, tykte vi.

Dårleg lokal oppslutning

At berre åtte personar frå Sunnylven møtte på konsert er vel skuffande. Nabobygder som Stranda og Geiranger var lagt betre representert.
-Det er vel ei grense for kor lenge vi kan arrangere slike konsertar med underskot. Kanskje må vi slutte å tilby kjente artistar i konsertamfiet på Ljøen, seier Ole Hjalmar Bonsaksen.

Sjølv om han ikkje vil vedgå det, forstår vi at han er skuffa over det lokale oppmøte til konsert med artisten Elvira Nikolaisen. Og vi må berre legge til at denne konserten burde langt fleire fått oppleve.

Med på scena hadde Nikolaisen med veninna Kristine Hovden på tangentar, og Torstein Krogedal på saxofon.

Samspel og songduettar vart ei oppleving på ein kjøleg sommarkveld, eit minne som mange tok med heim med glede.

Desse medverka under konserten på Ljøen. Frå venstre Torstein Krogedal, Elvira Nikolaisen, Kristine Hovden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380