Får sitt fullmaktsbrev

Frå gudsteneste på Høgreiten i 2008 med dåverande prest Svein Runde.

Søndag 4. juli er det gudsteneste på Høgreiten i Sunnylven. Der får Ann Kristin Langeland overrekt sitt fullmaktsbrev som prestevikar i Sunnylven og Stordal sokn.

Ann Kristin Langeland har lagt frå seg rådmannspapir og blir prestevikar i Sunnylven og Stordal kyrkjesokn. Langeland har gjort teneste i sin nye jobb ei tid alt og utført den på god måte.

Frå 1. juli blir ho av biskopen i Møre tilsett som prestevikar, i fyrste omgang i eitt år, men om ho tek kurs og etterutdanning kan det bli permanent tilsetjing. Som prest kan ho då utføre alle plikter og oppgåver som prest.
Det opplyser prost Svein Runde. Han og kona Elisabeth kjem «heim» til sin gamle kyrkjelyd denne søndagen for å oververe gudstenesta på Høgreiten.

Gudstenesta på Høgreiten er den som tradisjonelt blir halden under Sommardagar på Hellesylt. Som oftast har det brukt å vere godt ver denne helga, og alt tyder på det same i år.

I tillegg til preike blir det forbønhandling, og song og musikkinnslag under gudstenesta søndag 4. juli klokka 11.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380