Lokalnytt

Feira fyrste tur med sosakjøt på Josy-buda

Sunnylven Pensjonistlag la turen til Josy-buda, ein ombygd og påbygd låve på Kalvatn midt mellom to tunnelar.

Etter over eit år i korona-karantene var medlemane i Sunnylven Pensjonistlag ute på tur igjen. Bussturen gjekk til Josy-buda på Kalvatn.

Det vart tur over gamle fylkesgrensa og mot Austefjorden og Volda kommune for 64 av medlemane i Sunnylven Pensjonistlag torsdag. Bak rattet i bussen frå selskapet Ingers Trans sat Gunnvald og førte reisegjengen trygt fram og tilbake, sjølv om mykje av turen gjekk etter den berykta vegen gjennom Hornindal. Men i vegkrysset mellom to tunnelar i Austefjorden svinga vi av til eit lite gardsbruk som i dag står ombygd til restaurant og kafe

Med 64 påmelde vart flokken delt på to turar grunna smittevernhensyn, noko som vart teke på største alvor, men som det også vart litt moro av. I den sterke varmen hadde Pensjonistlaget med vatn om nokon ville ha, noko som vart kommentert med at ingen kunne vere tørste no for dei hadde då nyleg fått sprit.

Stemninga var god, det følte også leiaren i laget Astrid Langeland som med alle om bord på fyrste tur kommenterte slik;
-For ein dag og for ei glede å kunne reise på tur i lag igjen. Det blir ikkje den lange turen i dag, men det er ein start på noko meir som kjem seinare, sa ho mellom anna. Vi veit at laget planlegg ein tredagers tur til Bergen i august/september.

Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland framfor det hyggelege vertskapet på Josy-buda som trakterte med god mat og underhaldning.

I Josy-buda på Kalvatn er eit lite fjøs/låve både ombygd og påbygd til ein flott og koseleg restaurant. Namnet Josy-buda har kome etter namna på eigarane, John og Synnøve, fekk vi oss fortalt.

Og i den restaurerte låve, det som truleg var høylåven ein gong, der venta vertskapet med kokken Rolf Kobberstad og to damer med servering av sosakjøt og meir på store tallerkar. Det smaka godt, eit måltid som vart avslutta med dessert og kaffi.

Det vart ein hyggeleg tur og fin samling i triveleg lag i Josy-buda på Kalvatn. Kanskje skulle turgjengen hatt litt meir tid, for med både ei utlodding og viser og skrøner frå kokk og trubadur Rolf Kobberstad i tillegg til servering, då går tre timar fort.

Å køyre vegen gjennom Hornindal krev gode sjåførar. I Storesvingen møttest pensjonistbussen og to vogntog til krevjande passering. Det gjekk bra.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380