Fekk utdelt sine vitnemål
Tysdag kveld var det avslutningsfest ved Sunnylven skule for elevar i 10. klasse og foreldre. Festen med utdeling av vitnemål fann stad på Hægstad Gård.
-Det er med stoltheit og stor glede eg snakkar til dokke som avgangselevar ved Sunnylven skule.
Slik opna rektor Roar Seljeset si helsing til åtte elevar som no hadde fullført ti år ved skulen i Sunnylven. Han rosa dei for gode haldningar og fin framferd og ønska dei lukke til når dei no skulle vidare ut i den «store verda».
Måtte stenge
Seljeset kom også inn på det siste skuleårete eit skuleår som vil bli huska for korona-epidemien.
-Vi var førebudd på at det kunne skje, men likevel vart det ei overrasking at skulen måtte stenge. Elevane vart sende heim med bøker og datamaskiner, og videotimane gjekk bra. Skuledagen gjekk nesten som normalt.
I mai kom vi så tilbake til klasseromma og det var nok stas for dei fleste, trur eg. Skulen er ikkje berre ein stad for læring, men også ein møteplass med andre, for på skulen er vi i lag og meistrar oppgåver og gjer kjekke ting i lag, sa Roar Seljeset.
Fint skuleår på Hauge
Rektor kom også litt inn på renoveringa av skulen på Hellesylt, og som alle gleda seg til å ta i bruk igjen. Det siste året har elevane vore på to plassar, på kyrkjelydshuset og på Hauge. Sjølv om det hadde hatt sine utfordringar hadde det gått bra, og for dei åtte avgangselevane hadde det vore eit fint år på Hauge, sa Seljeset, før han delte ut vitnemål til dei åtte saman med kontaktlærar Reidun Remme Habostad.
Takka for tida i lag
Reidun Remme Habostad helsa også til dei åtte som ho hadde vore kontaktlærar for. Ho kjente nok litt på følelsar der ho delte ut rosande ord til den flotte klassa, men no hadde ho ikkje så mykje å seie til elevane sine, sa ho.
-Vi har snakka mykje før både i klasserommet og no nyleg under skuletur til Lillehammer, men eg ønskjer dokke alt godt og eg vil takke for at eg har fått vore saman med dokke.
Ho takke også foreldregruppa for positivt og godt samarbeid, både foreldre og familie sine haldningar påverkar elevar og måten dei vil møte storsamfunnet på, sa Reidun Remme Habostad.
Elevane takka
Etter utdelinga av vitnemåla takka elevane lærarane sine for fine år ved Sunnylven skule. Der kom det fram også fleire artige episodar frå, noko som mora forsamlinga. Og til slutt fekk alle lærarar som klassa hadde hatt opp gjennom åra kvar si raud rosa, med nokre ekstra gåver til kontaktlæraren.