Notiser

Femten trimma til Bjørkneset

Den gamle fjøsen / låven på Bjørkneset står på eit vis enno. Det vart samlingspunktet for trimmarane onsdag kveld. (Foto: Rune Hole)

Trimgruppa i Sunnylven IL la kveldstrimmen til Bjørkneset onsdag kveld, etter nyrydda rås frå Streketunnelen og ut langs Sunnylvsfjorden. 15 personar tok turen.

Det er nok lenge sidan det var så folksamt på det vesle gradsbruket på Bjørkneset som onsdag kveld. Per Sven Hole og Rune Hole har grave og rydda råsa langs Sunnylvsfjorden, og onsdag var det klart for kveldstrim til den vekkgløymde staden.

Heile 15 unge og eldre tok turen som tek ein time frå Streketunnelen om Andakroken. Og i fint sommarver og behageleg temperatur vart det ein triveleg kveldstrimm som fleire kjem til å gå seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380