LokalnyttUkategorisert

Fossedur klare for oppdrag

Fossedur, frå venstre Bjarne Sjåstad, Oddvar Gausdal, Knut Hanssen, Olav Elling Gausdal, og bakerst Jostein Ringdal.

Søndag kveld stakk vi innom Tronstad Grendahus. Der hadde Fossedur, fem dyktige musikarar frå Hellesylt si øving.

-Vi ser fram til å kome ut å spele for publikum igjen. No har vi hatt «koronapause» heilt frå mars i fjor så det hadde vore kjekt å fått speleoppdrag igjen, det seier Olav Elling Gausdal som trakterer både gitar, mandolin og bass, i tillegg til vokal.
-Vi har halde «forma» vedlike med øvingar både titt og ofte, og det har blitt nokre nye songar på repertoaret. Det går i engelsk, norske og nokre sjølvskrivne viser. Musikkstilen er akustisk og folkprega, seier Olav Elling Gausdal. Han kallar seg ikkje leiar for musikarane i Fossedur, men for dei som ønskjer å leige dei dyktige spelemennene så ring Olav Elling.

Olav Elling Gausdal trakterer fleire instrument, gitar, mandolin og bass i tillegg til vokal som fleire av dei andre. Fossedur består elles av Bjarne Sjåstad tangenter, Oddvar Gausdal trekkspel, Knut Hanssen gitar og Jostein Ringdal slagverk.

Mange av øvingane har blitt lagt til Tronstad Grendahus i det siste. -Vi er svært glade for å få låne grendahuset til øvingane våre, frå grendalaget som har vore svært hjelpsame. Det set vi stor pris på, sa Olav Elling Gausdal.

hellesylt.info var innom Tronstad Grendahus og gjorde opptak av øvinga. Følg med og høyr nokre av songane måndag.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380