Lokalnytt

Gamalt skulebygg på Hellesylt blir nytt

Småskulen og mellomsteget gledar seg til å flytte tilbake til ein nyrenovert skule på Hellesylt. Og isen smaka sjølv om sommartemperaturen mangla.

Tysdag fekk elevar og lærarar sjå innom Sunnylven skule som er under renovering. Før dei forlet bygge vart det applaus for det dei hadde sett, for det nye skulebygget og for entreprenøren.

Alle elevar og lærarar i Sunnylven har hatt alternative læringshus då rette skulen på Hellesylt er under renovering. Tysdag fekk dei omvisning og korleis arbeidet går, noko som gleda både elevar og tilsette etter det vi forstod.

Det var prosjektleiar og dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Tarjei Korsbrekke som ønska elevar og lærarar velkomne til omvisning tysdag. Fyrste pulje var småskulen og mellomsteget, og etterpå kom ungdomssteget.
Sjølv om renoveringa kom i gong seinare enn tenkt av fleire grunnar er arbeidet kome lagt og er i rute. Mykje arbeid står att, men anleggsleiar Geir Frøysa antyda at elevane kan ta i bruk den nye skulen tidleg neste år.
Sist vi var innom bygget i fjor haust var alle deleveggar borte. No har romma fått si utforming igjen,  og vi trur det blir ein moderande skule med gode lærings -og arbeidsforhold for elevar og tilsette.

Veggar innvendig er kledde med Habito-plater. Desse platene er valde på grunn av lyd og brannsikkerheit, sa Geir Frøysa. Og no har skulen fått tett tak, la han til.

På visningsdagen onsdag var målararbeidet kome i gong, mykje elektrisk arbeid var gjort, og i gymmsalen var tømrarar i arbeid med etterisolering i himlingen. Det er også på plass ventilasjonsanlegg i heile bygget og som vil gje eit godt inneklima.
Seinare i sommar startar arbeidet med himlingar i alle rom, sa Tarjei Korsbrekke. Han var glad for å kunne vise fram eit skulebygg der arbeidet stort sett er i rute.
-Også årets avgangselevar kom for å sjå. Då dei gjekk ned trappa var det for aller siste gong, meinte dei. Vi håper dei kjem igjen og går trappa som lærarar eller foreldre, sa Korsbrekke.

Også rektor Roar Seljeset var med på synfaringa.
-Vi gledar oss til å kome tilbake til ny skule. Prosjektet har blitt veldig bra og vi er veldig glade for at arkitekt og entreprenør har vore med på endringar som har gjort skulen enno meir funksjonell, sa Seljeset. Han siktar då mellom anna til at det som var uversskur har blitt bygd inne med garderoder og toalett for elevane.

Det vart ei kjekke synfaring for elevane i den nye skulen i det gamalt bygget. Omvisninga vart avslutta med is til alle, spandert av entreprenør HT Bygg Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380