Heider til lærebedrift og lærling frå Sunnylven

Førskulelærar og veileder Åse Støverstein Ringdal tok mot synlege bevis
på at Sunnylven Barnehage er årets lærebedrift 2020.

Sunnmøre kommunale opplæringskontor har kåra årets lærebedrift, veileder og lærling for 2020. To vinnarar var frå Sunnylven.

Årets lærebedrift var Sunnylven barnehage og årets lærling 2020 vart Vanja Trøen Frøysa, begge frå Hellesylt og Sunnylven.
Prisen som årets veileder gjekk til Hilde Roth, Ellingsøy barnehage.

Kåringa vart kjent gjennom pressemelding frå Sunnmøre kommunale opplæringskontor. Sidan 2017 har det blitt kåra årets lærebedrift, veileder og lærling mellom medlemsbedrifter i seks kommunar på Sunnmøre, Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven og Ålesund.

Beste læringsbedrift

Fredag 18. juni kom ordførar Jan Ove Tryggestad, rådmann Åse Elin Hole og kommunalsjef oppvekst Tone Lillebø saman med dagleg leiar ved Sunnmøre kommunale opplæringskontor Martine Eksund til Sunnylven Barnehage. Oppdraget var tildeling av heidersbevis og gode ord til barnehagen som årets læringsbedrift 2020 mellom kommunane som er tilslutta opplæringskontoret.

Besøket kom overraskande

Overrekinga var hemmeleg, berre styrar Hilde Langlo Brekke visste om besøket som skulle kome, så både born og fleire tilsette var ute i skogen ved gapahuken og hadde det moro. Men no kalla styraren alle til samling på tunet framfor barnehagen.

Frå Stranda kommune overrekte ordførar Jan Ove Tryggestad blomar til styrar Hilde Langlo Brekke.

Diplom og blomar

Martine Eksund frå opplæringskontoret hadde med både eit diplom og stor blomsterbukett til årets lærebedrift som vart Sunnylven Barnehage. Ho overrekte det heile til veileder i barnehagen Åse Støverstein Ringdal, ein synleg glad mottakar av den ærefulle utmerkinga som Sunnylven Barnehage vart seg tildelt. Frå Stranda kommune helsa ordførar Jan Ove Tryggestad og overrekte blomster til styrar Hilde Langlo Brekke.

Utmerkinga eit kvalitetsstempel

På vegne av kommunen takka han for utmerkinga.
-I Stranda prøver vi å gje alle born, også i barnehagane eit godt tilbod, og eg trur vi har lukkast bra med det. Kanskje er vi ikkje betre enn andre kommunar, men i barnehagane blir det gjort ein god jobb. Dei har eit kvalitetsstempel som eg som ordførar er stolt av.
Oppvekst er flinke til å setje ting i system, men vi får ikkje slik heider utan at dei tilsette gjer jobben sin. Stranda kommune er på snitt med andre og det betyr mykje for sjølvkjensla å få ein slik utmerkelse, det er berre fantastisk. Det er ein god dag for alle som er opptekne av oppvekst, sa Jan Ove Tryggestad.

Hilde Langlo Brekke til venstre og Åse Støverstein Ringdal.

Årets lærling 2020, Vanja Trøen Frøysa (Foto: Jon Axel Solhaug)

Vanja årets lærling 2020

Styrar i Sunnylven Barnehage er Hilde Langlo Brekke. -Eg er rørt og utruleg stolt både på eigne vegne, av heile personalgruppa og av dei 27 borna i barnehagen, sa Hilde til hellesylt.info. Sunnylven Barnehage vart årets lærebedrift 2020, men ho visste at også årets lærling hadde fått opplæring og jobba i barnehagen.
Vanja Trøen Frøysa vart av Sunnmøre kommunale opplæringskontor kåra til årets lærling 2020, så etter overrekking i barnehagen drog prisutdelarane til Geiranger og Geiranger skule og barnehage der Vanja jobbar dette året. Hellesylt.info håper å få ein prat med henne litt seinare, men vi fekk oss fortalt kva yrkesfaget til jenta frå Hellesylt blir.
-Vanja avla fagprøva her 7. og 8. juni i år og ho skal bli førskulelærar, det har eg og Hilde bestemt, sa veiledar Åse Støverstein Ringdal, ein kommentar med eit smil attpå.

I tillegg til blomar og diplom vart det også god kake på årets lærling. (Foto: Jon Axel Solhaug)

Frå utdeinga i Sunnylven Barnehage, Frå venstre Martine Eksund, Jan Ove Tryggestad, Hilde Langlo Brekke, Åse Støverstein Ringdal, Åse Elin Hole, Tone Lillebø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380