Lokalnytt

Inge Bjørdal attvald som leiar i Storfjordens Venner

Inge Bjørdal sa ja til ein ny periode som styreleiar på årsmøtet i Storfjordens Venner

Storfjordens Venner har halde årsmøte måndag 7. juni. Sjølv etter eit korona-år vart det på Storfjord kulturhus vist til bra aktivitet i verneorganisasjonen gjennom fyldige årsrapportar.

Sjølv om også Storfjordens Venner har hatt redusert aktivitet grunna korona-epidemien, mellom anna vart Storfjordstemnet i 2020 i Osvika, Fjord kommune avlyst, vart det på årsmøtet lagt fram fyldige årsmeldingar frå hovudlaget og frå formidlingsgruppa. I tillegg til val, rekneskap og budsjett for 2021, var arbeidsplan vedteken.

Val

Innstillinga til valnemnda vart følgt av årsmøtet:
Inge Bjørdal, Sunnylven held fram som leiar i styret for Storfjordens Venner, med Arne Furstrand, Sykkylven som nestleiar.

Andre styremedlemer er:
Reidar Furset, Stranda
Elin Smoge, Valldal
Reidun Helsem, Stranda
Øystein Runde, Ålesund (ny)
Kirsti Linge Stakkestad, Valldal (ny)

Varamedlemer:
1.Jens Petter Søvik
2.Ragnhild Flåen (ny)
3.Ola Ødegård (ny)

Revisorar:
Stein Ivar Krohn
Stig Tryggestad

Det var ein liten nedgang totalt i medlemstalet i Storfjordens Venner i 2020. I alt 631 var enkeltmedlemer og betalte årskontingent, 71 hadde familiemedlemskap og 10 bedrifter stod oppført som medlemer i Storfjordens Venner. Totalt vart det ein nedgang på 35.

Fleire prosjekt på arbeidsplanen

På arbeidsplanen til Storfjordens Venner står fleire prosjekt, men arbeidskapasitet, tildeling av middlar er avgjerande kor mykje som kan gjerast i 2021, står å lese i årsmeldinga. Løe på Ytste Smoge står øvst på arbeidsplanen, eit utsett prosjekt, heiter det.
Også til fem andre, Muldalen løe, Verpesdal rås, Djupdalen rås, Ospahjellen, og Fundergata Tafjord skal det bli synfaring og rådgjeving.

Formidlingsgruppa kjem med ny Storfjordkalendar for 2022, dei planlegg fellesturar, og samarbeider med Sunnmøre Live om TV-program frå fjellgardane på Sunnmøre.
I 2020 vart det laga og vist program mellom anna frå Skageflå, Åkneset og Matvika.
Programma kan sjåast på www.storfjordensvenner.no

Orienterte om Ytste Skotet

På årsmøtet vart det orientert om Ytste Skotet der musea på Sunnmøre har hatt ansvar for drifta av garden gjennom ein eigen avtale. Denne vart sagt opp ved nyttår 2019.
Storfjordens Venner ser på alternative løysingar, å skipe ein ny organisasjon til musea på Sunnmøre der dei som har valt å stå utanfor konsolideringsprosessen går inn i eit samarbeid om å utgreie og prøve å etablere eit formalisert samarbeid. Ein desentralisert modell med lokalt eigarskap og sterk lokal forankring.

På garden Stokke i Oaldsbygda vart det i juni 2019 halde Storfjordstemne sist gong. I august i år blir stemnet på Ljøen.

Storfjordstemnet.

I 2020 vart det planlagde Storfjordstemnet  i Osvika, Fjord kommune utsett grunna korona. Planen var å arrangere stemnet der i 2021, men korona-situasjonen gjer at stemnet ikkje kan vere der i sommar heller. Men Storfjordstemne blir det i slutten av august. Vi har fått opplyst at det blir på Ljøen, i området Fjellgården Øvre Ljøen Amfi der der er god plass, lett tilkomst og nok av parkeringsplass.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380