Jobba for klatrepyramide ved skulen
I samband med renoveringa av skulen, har FAU starta arbeidet med betring av uteområdet. På idelista står mellom anna ei klatrepyramide.
Foreldreutvalet ved Sunnylven skule (FAU) har starta planlegging av uteområdet med leike -og aktivitetsapparat når skulen er ferdig renovert. FAU ønskjer at elevane skal få eit variert tilbod på skuleområdet og på ønskjelista står mellom anna ei klatrepyramide.
-Området ved skulen er kommunalt, og skuleplassen er alltid open også for andre, så ei klatrepyramide vil ikkje berre kome skuleborna til gode, men også andre besøkande i bygda, seier Synnøve Sæther i FAU, og legg til;
-Klatrepyramida ser vi føre oss kan bli eit blikkfang, og ikkje minst eit høgdepunkt for born i ulike aldrar. Dette vil vere veldig positivt for Hellesylt, og vil kunne bidra til at reisande gjennom Hellesylt stoppar opp, og brukar tid her.
Håpar på spleiselag
For å få til dette et vi avhengig av støtte. Så til no har vi søkt om midlar ulike plassar, og gått ut til organisasjonar og bedrifter i nærområdet for støtte. I løpet av komande veke vil det bli oppretta ein SPLEIS der vi håpar at privatpersonar har lyst til å bidra med ein sum, slik at vi saman kan få realisert dette prosjektet, avsluttar Synnøve Sæther.
Sjølve pyramida kostar 230.000, men ferdig montert med fallunderlag vil prisen bli nær tre gonger så høg. FAU ønskjer seg økonomisk støtte, men truleg må det til nokre dugnadstimar også for å få realisert prosjektet.
Issal for klatrepyramide
Enkelte har alt teke utfordringa om å bidra til å få opp ei klatrepyramiden ved Sunnylven skule. Ved Hellesylt Boutique & Bar skal alt issal komane laurdag (12. juni), ikkje berre overskotet, men heile salet gå til klatrepyramiden, fortel Ellen Angelika Fivelstad. Ho har sikra seg nok is av fleire sortar så ho oppmodinga mange om å kome innom og kjøper is, og såleis bidra. Det blir til nytelse for kjøparen og til glede for elevar ved Sunnylven skule.
På kaffibaren i Hellesylt sentrum får ein sjølvsagt også kjøpe mykje anna, så ta gjerne turen innom.