Notiser

Jonsoktreff med graut og gullrand

Odd Jostein Bjørdal t.v. og Magnar Bjørdal serverte rjomegraut med gullrand i tallerkenen.

Gullranda var på plass i tallerkenen når Magnar og Odd Jostein trilla inn grautvogna i storstova på Tronstad Grendahus jonsokaftan. Der var treffstaden for 50 medlemer i Sunnylvn Pensjonistlag i år.

Det vart både god og rikeleg servering jonsoktreffet på dagtid til Sunnylven Pensjonistlag. Sjølv om jonsokbålet mangla var det mykje anna triveleg som lokka til Tronstad Grendahus. Jonsokgrauten fall i smak og det same gjorde dei musikalske innslaga frå scena.

Fyrste utbud av graut var stort nok for dei fleste, men enkelte måtte ha litt påfyll. Det var ikkje noko problem, grautgryta var stor på Tronstad også denne dagen. Etterpå  var det kaffi og kake til dessert.

Leiar Astrid Langeland ønska alle vel møtt til jonsoktreffet med både reflekterte og gode ord ho til dei frammøtte også denne gongen.
Unge Tonje Støverstein var på plass og gleda forsamlinga med songen «Vestlandet», ein song med tekst og som må vere skrive på Hellesylt, -høge fjell, ut av ein tunnel, til ein fjord, der er det vi bur-. Det vart ei ny fin songstund med Tonje… Bjarne Sjåstad tangentar, og Knut Hanssen gitar gav tonefølgje til songen.

Tonje Støverstein, ungt songtalent var på plass og gleda pensjonistane

Dei to musikarane i Fossedur vart seinare forsterka med Oddvar Gausdal på trekkspel og ut over i jonsoktreffet vart det mykje song og musikk frå dei tre. Friske rytmer som lokka enkelte ut på dansegolvet fleire gonger. Også pensjonistar kan å svinge seg til god musikk.

Jonsokfesten var gratis for medlemane. Pengane kunne i staden brukast på loddkjøp, til ei spanande trekking av mange gevinstar.

Sunnylven Pensjonistlag planlegg nytt treff i Øvre Ljøen Amfi eller på Høgreiten i midten av august, vart opplyst. Også ein to-tre dagers medlemstur til Bergen er planlagt i september.

Oddvar Gausdal t.v., Bjarne Sjåstad og Knut Hanssen fekk liv i dansefoten.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380