Jonsoktreff på Tronstad

Om det blir jonsokfeiring med bål på Tronstad Grendahus veit vi ikkje, men det blir servering av rjomegraut og meir.

Sunnylven Pensjonistlag inviterer til eit nytt måltid festmat. Nyleg var det sosakjøt på Josybuda, no er det rjomegraut på Tronstad Grendahus.

Det blir jonsoktreff på Tronstad Grendahus onsdag 23 juni for medlemer i Sunnylven Pensjonistlag. I ei melding frå styret står å lese at der blir det servering av både rjomegraut, kaffi og sjokoladekake. I tillegg blir det utlodding med fine gevinstar.

Pensjonistlaget har ordna med busstransport for dei som treng det. Minibussen går frå Frøysa, om Reset og Nibbedalen til Tronstad med retur etter samlinga. Utanom utloddinga er alt gratis.

Det er inga påmelding, men alle er velkomne til kjekt jonsoktreff, står i meldinga frå styret i Sunnylven Pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380