Kjempestein etter ras ved Holedalsvatnet

Kjempesteinen ved Holedalsvatnet er rundt hundre kubikk trur geolog Jarle Hole (raud jakke) Steinen er den største i området og bør få eit namn, synest vi.

På Holesida ved Holedalsvatnet har det gått eit steinras i løpet av vinteren eller våren. Ein diger stein har lagt seg til ro like ved kuråsa som går langs vatnet.

Ein kjempestor stein har skura veg for fleire små og store steinar i raset frå fjellsida ved Holedalsvatnet. Den største anslo geolog Jarle Hole til rundt hundre kubikk då han var framom på søndag. Større steinar finn ein ikkje i dette området.

Fargen på steinen viser at utrasinga har utvikla seg over tid. Det meste av steinflata har ein brunfarge som kan tyde på at jordblanda vatn har fylt ei sprekke og at frosten har sprengt ut raset, sa Hole. Og  oppe i fjellet der raset har starta tyder mykje på at der kan kome nye steinras, sa han.

Jarle Hole er ofte i Holedalen, mellom anna for å sjå til dyra på garden. Han har sett turistar campere i telt like ved der raset har gått, noko han vil frårå. -Der er fine og trygge plassar å slå opp telt andre stader, mellom anna i enden på Holedalsvatnet, seier Jarle Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380