Notiser

Konsert med elevar frå kulturskulen

Alt er klart for ein av årets flotte konsertkveldar i Fjellgården Øvre Ljøen amfi fredag 18. juni. Der fyller kulturskulen scena med song og musikk.

Veret blir topp på Ljøen når kulturskulen i Stranda avsluttar skuleåret med konsert på Ljøen, høgt over Sunnylvsfjorden.
Vi har tidlegare fortalt om unge song og musikktalent frå Sunnylven og Hellesylt som deltek, både enkeltvis og som band. På scena kjem også Sunnylven skulekorps, tilreisande elevar frå Stranda, og vi får høyre 10. klasse ved Sunnylven skule sin siste Veslefrikk-komposisjon.
Desse elevane har vore i finalen i komposisjonskonkurransen Veslefrikk i alle år frå 2017, og no har dei laga eit musikkverk, inspirert frå alle desse åra.

Under avslutningsfest for 10. klasse framførte elevane sin siste Veslefrikk-komposisjon. Den blir å høyre i Øvre Ljøen Amfi fredag kveld.

Plass til mange

Det er ingen begrensningar på antall personar som kan kome på konserten, men gode koronareglar som å halde ein viss avstand gjeld, seier kulturskulelærar Erik Torset. Han er svært glad for at kulturskulen kunne får kome i amfiet på Ljøen og halde sin avslutningskonsert der.
Torset håper mange song og musikkglade finn vegen til Øvre Ljøen fredag kveld, til ein times konsert som startar klokka 19.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380