Kveldstur til Bjørkneset med Trimgruppa

Onsdag 9. juni blir det kveldstur etter ei «nybygd» rås til Bjørkneset med Trimgruppa i Sunnylven IL. Bjørkneset, skyld 0.85 er utskild frå Øvre Ljøen og ligg ved Sunnylvsfjorden.
Tidlegare i vår var vi på nye turstiar til Haslevika og Andakroken. Her har brørne Per Svein og Rune Hole jobba fram gode reser i eit terreng som så langt har vore lite brukt.
Og kva blir neste prosjekt ?, spurde vi då vi stod ved sjøkanten i Andakroken.
-Det er Rune som planlegg så det blir vel eitt eller anna når vi er ferdige her.
Om lag slik svara Per Svein på spørsmålet og vi visste då at nye reser var i emning.
No er råsa frå Andakroken forlenga til Bjørkneset, litt over halvvegs til Ljøkaia frå Hellesylt. Og til Bjørkneset går kveldsturen til Trimgruppa onsdag 9. juni.
Turen tek ein liten time kvar veg, og trimtreffet denne gongen blir utan uttrekkspremiar, seier Rune Hole. Han håper det kjem passeleg mange, og minner om at alle må halde avstand og følgje smittevernreglar.
Det er annonsert oppmøte ved Streketunnelen kl. 17.00 for alle som har lyst å gå kveldstur etter «nybygd» rås fram og tilbake til Bjørkneset.