Mykje støtte til Klatrepyramida

Sunnylven sanitetslag sin søndagskafe for støtte til Klatrepyramide ved skulen vart besøkt av mange. Og sanitetslaget fekk ros for tiltaket.
Truleg gav svele, kaffi -og loddsal eit to-sifra tusenkronersbeløp til Klatrepyramida som FAU ønskjer å få på plass ved Sunnylven skule.
-Fleire kom å takka oss for at vi arrangerte noko på Hellesylt, på Ole Ringdals plass. Dei tykte det var fint at det skjedde noko på Hellesylt, at folk kunne møtast igjen.
Og vi i sanitetslaget er glade for at vi kan støtte eit godt tiltak. Ei Klatrepyramide ved skulen er noko som også tilreisande besøk på Hellesylt kan ha glede av, sa leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke då sanitetsdamene var i full gong med å rydde saman sin utekafe.
Sanitetslaget hadde løyvd litt lodd og gevinstar, noko dei vil by fram på eit nytt lotteri i Hellesylt sentrum, truleg alt fyrste helga i juli, fekk vi oss fortalt.