Ni laksar fiska i Korsbrekkeelva

Laksefiske i Korsbrekkeelva starta 1. juni. Fyrste veka har det blitt fiska ni flotte laksar.
Fiskesesongen i Korsbrekkeelva har fått ein god start. Og tidleg måndag morgen fekk Bjørn Ole Grodås ein laks på ca. 8.0 kilo, den største laksen han har fått nokon gong. Det var laks nummer ni frå elva så langt i sommar, fekk vi oss fortalt.
Korsbrekkeelva har vore ideell med vassføring så langt, og er godt kultivert av elveeigarlaget, så der blir nok fleire laksar landa ut over i sesongen som varer ut august.