Notiser

Sanitetslaget med Kafé på Ole Ringdal`s plass

Tiltaket til FAU om å få reist ei klatrepyramide ved Sunnylven skule har engasjert fleire til å bidra økonomisk. Søndag inviterer Sunnylven sanitetslag på svele, kaffi og lodd der salet går uavkorta til tiltaket.

-Vi inviterer på svele og kaffi og sal av lodd på Ole Ringdals plass på Hellesylt søndag frå klokka 13.00 til 15.00, og inntekta har vi bestemt skal gå uavkorta til klatrepyramida som FAU ønskjer å få opp ved Sunnylven skule. Vi i sanitetslaget synes ei klatrepyramide er flott, det vil skape engasjement, aktivitet og fysiske utfordringar, mål som sanitetslaget ønskjer å støtte.

Roser FAU

-Ei klatrepyramide på skuleområdet kan også føre med seg at reisande stoppar opp og blir her litt lenger enn dei hadde tenkt. Så dette håper vi folk hjelper oss med å støtte, ved å ta turen innom Ole Ringdal`s plass på søndag og kjøpe kaffi med noko attåt.
Det seier ein engasjert leiar, Hilde Langlo Brekke i Sunnylven sanitetslag som rosar FAU for at dei har teke opp ideen og jobbar for å få på plass klatrepyramida.
-Veldig bra, og vi i sanitetslaget håper mange støttar opp om det økonomisk slik at det blir realisert, seier Hilde Langlo Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380