Snille sjørøvarar i barnehagen

Her har alle gått ombord i si nye sjørøvarskute, klare til avgang og ny seilas.

I Sunnylven Barnehage var det sjørøvarfest denne veka. I sine flotte hattar og klær kom dei til barnehagen til sommarfest og mykje moro i ny sjørøvarskute.

Sjørøvarane var ute på sommartokt, eller årets sommarfest då dei kosa seg i Sunnylven Barnehage tysdag. hellesylt.info våga seg innom ein tur og ute ved langbordet møtte vi alle som kosa seg med pølse, brød og god drikke. Dei var lagt frå så fårlege som ryktet vil ha det til, og vi fekk oss fortalt fleire historier om kva dei hadde gjort så langt denne dagen. Dei hadde vore på skattejakt, og dei hadde målt krefter i tautrekking. Så sterke var dei at tauet slitna til slutt.

Pølse i brød er god mat også for sjørøvarar

Etter det gode måltidet bar det i veg til sjørøverskuta. Alle 27 fekk etter kvart plass i skuta som var så ny at den ikkje hadde fått namn enno. Den gamle som heite Gurine var borte, men om den hadde havarert eller kva som hadde skjedd fekk vi ikkje svar på.

I Sunnylven Barnehage er det ikkje ferie heilt enno, men dette var sommarfesten i år. Truleg blir det ikkje tradisjonell sommaravslutning med foreldre, småsysken og besteforeldre til stades i år grunna korona, fekk vi oss fortalt.
Det viktige er vel at borna fekk ein kjekke fest, og det trur vi det var.

Det var lett å sjå kven som var på besøk i Sunnylven Barnehage denne veka.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380